Den vart grunnlagt av brørne Olav og Jørgen Klausen i 1947.
|
Jørgen og Olav Klausen |
Verksemda heitte frå starten "Brødr. Klausen Mek. Verksted" og produserte den første tida m.a. sparkstøttingar, rattkjelkar, heisar og taubaner.
|
Traktoren "Vestland" (Foto © Klausen Mek. Verksted) |
Traktorproduksjon
Frå 1953 og utover 1950-talet produserte dei også 12 traktorar. Traktoren var basert på eigne teikningar, men var for det meste skrudd saman av kasserte bildeler. Den vesle firehjulstraktoren vart seld under namnet ”Vestland”, og kosta 4000 kroner. På folkemunne vart den vesle traktoren kalla ”kaka-ka-re” etter lyden. Sjå og
Bucher-traktoren frå Nesse.
Produkt til prosessindustri
Klausen Mekaniske Verksted produserer no utstyr til prosessindustri, skip og oppdrettsnæringa, og hadde i 2003 51 tilsette. I 1981 vart Klausen Mekaniske omskipa til aksjeselskap.
|
Bygging av seksjon til Ulstein |
Dotterselskap i Svelgen
I 1990 vart dotterselskapet Klausen Industrier Svelgen AS skipa, som i hovudsak arbeider med vedlikehald for smelteverket i Svelgen. Avdelinga hadde i 2003 10 tilsette.
Klausen er dessutan 34 prosent eigar av INC Vedlikehold Svelgen frå 2002 (sjå
INC-gruppa).
Klausen Mekaniske med avdelinga i Svelgen hadde i 2002 ei omsetning på 150 millionar.
|
Klausen Mekaniske Verkstad ligg heilt nede ved fjorden. (Foto © Kjell Eikemo) |