SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næring i Askvoll:

Industrigründeren Johan Jensen

Industrigründaren Johan Jenssen har hatt mykje å seie for utviklinga av næringslivet i Askvoll. (Foto: © Fylkesarkivet)
Industrigründaren Johan Jenssen har hatt mykje å seie for utviklinga av næringslivet i Askvoll. (Foto: © Fylkesarkivet)
Johan Jensen f. 1868 i Bergen slo seg ned i Holmedal 1890 og vart største industri-byggjaren i Sunnfjord før 1. verdskrig.

Publisert 20.02.2001 22:03. Oppdatert 05.12.2006 08:53.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Han kjøpte Holmedal gard, der Ellend Eide m.a. hadde drive fylkets første husmorskule.

Hovudhuset på Holmedal gard. (Foto: A. Nybø, NRK)
Jenssen dyrka Holmedalsgarden opp til 300 dekar og dreiv den fram til eit mønsterbruk. Han fekk bygd veg frå Eikenes til Helle, og frå Holmedal til Helleset.

Skapte eit industrisamfunn

I løpet av ein 20-årsperiode skapte Johan Jensen Holmedal-bygda om frå ei vanleg jordbruksbygd til eit allsidig industrisamfunn:
Johan Jenssen starta mellom anna Helle Teglverk. Her ser vi innstuing av tørka murstein som skal brennast. (Foto: © Fylkesarkivet)

I 1895 tok gjorde han opptaket til å starte teglverk på Helle (sjå Teglverk i Askvoll). Han starta Trollefos Ullvarefabrikk(sjå Fabrikkar og verkstader i Askvoll) i 1895, starta Firda Brusfabrikk (sjå Fabrikkar og verkstader i Askvoll) i Holmedal i 1899 og var medskipar i Dale Kloggfabrikk (sjå Fabrikkar og verkstader i Fjaler) same året. I Holmedal starta han også smørfabrikken "Flora" (sjå Fabrikkar og verkstader i Askvoll) i 1901.

Ved Trollefos bygde han også eige elektrisitetsverk.

Smørfabrikken "Flora" gjekk inn etter få år, og eigedomen vart overteken av Troldefos Ullvarefabrik i 1909. Ullvarefabrikken vart lagd ned i 1925.

Jensen braut tvert med verksemda i Holmedal kring 1918, og enda sine dagar som arbeidar på sukkerplantasjar på Cuba! Etter segna fann Jensen det rettast å flytte frå Holmedal etter nokre kvinnehistorier, og det var ein kamerat som budde på Cuba som fekk han på trua om å reise dit.
I 2002 er det Helle Fabrikker som held til i lokala etter smørfabrikken "Flora". (Foto: Arild Nybø, NRK)

Den tidlegare smørfabrikkbygningen ved kaia i Holmedal vart i 1943 overteken av brørne Steinar og Sigmund Helle, som starta S. & S. Helle Knivfabrikk (sjå Helle Fabrikker).





MEIR OM ASKVOLL 
Askvoll kommune

 
Aviser og media i Askvoll
Historia i Askvoll
Industri og næring i Askvoll
Kjende personar i Askvoll:
Kommunehistoria i Askvoll
Krigshistoria i Askvoll
Kyrkjer i Askvoll
Samferdsle i Askvoll
Skular i Askvoll
Verd å sjå i Askvoll

 
Lyd frå Askvoll
Video frå Askvoll
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no