SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Skular i Aurland

Sogn jord- og hagebruksskule ligg like ved Aurlandsvangen. (Foto: NRK)
Sogn jord- og hagebruksskule ligg like ved Aurlandsvangen. (Foto: NRK)
Første skulehuset vart bygd på Vangen i 1848. Det var i bruk til 1878 då det vart reist nytt skulehus i Skinnarviki like nord for sentrum.

Publisert 27.02.2001 14:33. Oppdatert 30.01.2007 08:22.
Skulehuset frå 1878 vart nytta heilt fram til ny barneskule vart bygd like ved i 1933. Dette huset er framleis i bruk som barnehage.
Vangen skule vart tredelt frå 1890. Dei fleste mindre krinsane fekk eigne skulehus innan hundreåret var omme:
Flåm fekk skulehus i 1863 og nytt skulehus i 1914.
Vassbygdi fekk skulehus i 1866.
Undredal fekk skulehus i 1871.
Dalen krins fekk skulehus i 1874.
Berekvam i Flåmsdalen fekk skulehus i 1899.
Dyrdal fekk skulehus i 1899.
Bakka fekk skulehus i 1908.

Ungdomsskulen i Prestegarden

Eilert Patric Juul dreiv privatskule.
Sokneprest Eilert Patric Juul dreiv ein vinter 1885-1886 ein privatskule for ungdom i prestegarden, med 27 elevar frå Aurland og Stryn, der han kom frå som prest, og der han også hadde drive skule for unge gutar. Desse ”Juul-skulane” var forløpar til dei kristlege ungdomsskulane. Den kjende skulemannen Torbjørn Horten frå Aurland hadde fått inspirasjon frå Juul sin skule då han starta Sunnfjord Ungdomsskule i 1902.

Tidleg i gang med framhaldsskule

Den første framhaldssksulen i Aurland vart starta i 1891. Frå 18956 til 1917 var det framhaldsskule i Aurland annakvart år.

Landsmål

vart innført som skulemål i seks mindre skulekrinsar i Aurland kommune. Undredal og Vangen innførte landsmålet i 1919. Men på Myrdal, der det budde mange innflyttarar i samband med bygging og drift av Bergensbanen, heldt framleis ein stor majoritet på riksmål som skulemål.

Eigen skulekrins i høgfjellet

Uppsete ved Bergensbanen fekk ein eigen mellombels skulekrins i 1901 i samband med at det budde mykje familiefolk oppe på fjellet under anlegget av Bergensbanen. Det var to ingeniørar som søkte kommunen om å starte denne folkeskulen som fekk 14 elevar.

Realskule og gymnas

I 1943 vart det starta toårig realskule og treårig gymnas i Aurland etter initiativ frå Ragnvald Th. Wangen. Gymnaset var i drift til 1947, medan realskulen vart driven til den vart avløyst av ungdomsskulen.

SKULAR I DAG (2002):


Sogn jord- og hagebruksskule

Aurland Jord- og hagebrukskule vart den andre jordbruksskulen etter Mo i Førde då den vart skipa i 1917 på Prestegarden i Aurland. Gjennom tida har skulen mang ein gong vore truga med nedlegging, men har overlevd takka vere undervisninga i økologisk landbruk.

Norskundervisning

I samband med opning av asylmottak i Aurland i 2001, vart det starta norskundervisning for kring 60 personar i januar 2002.

KOMMUNALE SKULAR I DAG (2002):

Aurland (1.-10. kl.) 191 elevar.
Flåm (1.-7. kl.) 32 elevar.
Skjerping (1.-7. kl.) 10 elevar.
Undredal (1.-7. kl.) 14 elevar.
Vassbygdi (1.-7. kl.) 9 elevar.
Gamleskulen i Vassbygdi vart bygd i 1866

MEIR OM AURLAND 
Aurland kommune

 
Historia i Aurland
Industri og næring i Aurland
Kjende personar i Aurland
Kommunehistoria i Aurland
Krigshistoria i Aurland
Kyrkjer i Aurland
Samferdsle i Aurland
Skular i Aurland
Verd å sjå i Aurland

 
Video frå Aurland
Lyd frå Aurland
BILETE FRÅ AURLAND 
Aurlandsfjorden - Aurland
Gudvangen - Aurland
Bakka - Aurland
Nærøyfjorden - Aurland
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no