Nordens minste stavkyrkje
Undredal stavkyrkje vart bygd i 1147. Kyrkja i Undredal skal vere Nordens minste stavkyrkje med berre 40 sitjeplassar og eit indre mål på 12 x 4 meter. Kyrkjeklokka er frå 11-1200-talet. Den spesielle lysekruna med hjortehovud er truleg frå mellomalderen. Undredalskyrkja er rikt måla innvendig m.a. med imitert stjernehimmel over kor og skip. Preikestolen, døypefat, brurestol, kneleskammel er frå 1600-talet.
Vangen kyrkje er ei steinkyrkje frå 1200-talet, og er den største steinkyrkja i Sogn.
Fjordungskyrkja på Rygg
På garden Rygg like ovanfor Vangen stod det i mellomalderen ei stavkyrkje, første gong nemnd i 1322. Ryggkyrkja stod fram til kring 1574 og var ei av dei fire fjordungskyrkjene i Sogn ved sidan av Stedje i Sogndal, Hopperstad i Vik og Tønjum i Lærdal. På Rygg er det reist ein minnestein på den gamle kyrkjetufta.
Flåm kyrkje vart bygd i 1670. Byggmeister Magne Essen.
Bakka kyrkje i Nærøyfjorden vart bygd i 1859. Arkitekt Chr. H. Grosch.
Gravplass frå 1858. Om nokon døydde vinterstid var det vetlaus gjerning å leggje ut på gravferd ned til Aurland.
|
Folk frå heile Nærøy sokn nytta Bakka kyrkje. |