Kristen Strømmen og
Peder Bakke var pionérane som starta dei første lakseoppdretta tidleg på 1970-talet; Strømmen i Rugsund og Bakke ved Smørhamn. Bakke prøvde seinare på oppdrett av piggvar og kveite i temperert spillvatn frå Bremanger Smelteverk i Svelgen. I 1979 bygde Strømmen eige lakseslakteri i Rugsund, og frå Måløy kom Myrvang-brørne med Håkon Myrvang i spissen og bygde opp Davik Fiskefarm (sjå
Davik Fiskeindustri ).
i Rugsund vart grunnlagt av oppdrettspionéren Kristen Strømmen i 1972 og er største oppdrettsverksemda i Bremanger kommune.
Peder Bakke
(1934-2000), Svelgen, var fiskeoppdrettspionér. Han starta lakseoppdrett i Smørhamn på 1970-talet, og oppdrett av kveite og piggvar i Svelgen, der ein gjorde seg nytte av oppvarma spillvatn frå Bremanger Smelteverk i Svelgen.
Myrvang-brørne
kom frå Måløy med Håkon i spissen og bygde opp Davik Fiskefarm (sjå
Davik Fiskeindustri ).
Ålfoten fiskefarm AS
Starta i 1984. Verksemda dreiv produksjon av settefisk og smolt. Konkurs i 2003.
starta i 1985 setjefiskanlegg i Botnane. Vart seinare overteke av
Firda Settefisk.
på Davik vart i 2000 ein del av
Pan Fish-gruppa, men vart grunnlagt sist på 1970-talet av brørne Håkon og Asbjørn Myrvang frå Måløy under namnet Davik Fiskefarm.
vart skipa på Davik i 1995 av Stig Bakke m.fl. og har spesialisert seg på oppdrett av torsk.
Norsk Marin Yngel
- sjå
Norsk Marin Fisk AS.
Grotle Havbeite AS
vart starta i 2006 av Harald Grotle m. fl. Det skal avle opp hummar som vert sett ut som yngel i eit 11 kvadratkilometer stort havområde kring Bremanger. Der skal skaldyret etter planen leve så stasjonært at det let seg hauste etter nokre år i sjøen. Yngelen til havbeiteprosjektet vert klekt i det nedlagde anlegget til Bremanger Fryseri i Iglandsvik.