SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Eid kommune:

Nordfjord sjukehus

Nordfjord sjukehus har 23.000 kvadratmeter bygningsmasse. (Foto: Arild Nybø, NRK 2001)
Nordfjord sjukehus har 23.000 kvadratmeter bygningsmasse. (Foto: Arild Nybø, NRK 2001)
Nordfjord Sjukehus vart teke i bruk i 1936 med 40 senger.

Publisert 02.03.2001 14:05. Oppdatert 26.04.2007 09:11.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Sjukehuset vart i hovudsak bygd med midlar gjeve av den amerikanske kunstmålaren William Henry Singer jr. og kona Anna Spencer Brugh Singer, som budde i Olden. Bak avgjerda om å byggje eige sjukehus for Nordfjord låg ein klassisk sjukehusstrid. Bakgrunnen var fylgjande:

Utanom tuberkuloseheimane fanst det på 1920-talet berre eitt vanleg sjukehus i Fjordane: Røde Kors-sjukehuset i Florø. Men kapasiteten der var liten, og på slutten av 1920-talet fekk overlegen ved sjukehuset, Johan Yttri, utarbeidd ein plan for eit nytt, stort ”sentralsjukehus” for Fjordane i Florø.

Olav Monsson vart ein viktig kontaktperson for Singer og sjukehusbygginga på Nordfjordeid.

Ordførarsvik vekte harme

I fylkestinget støtta også sju av ti ordførarar frå Nordfjord denne sjukehusplanen. Dette vart sett på som eit svik av nordfjordingane, som meinte at Nordfjord burde få sitt eige sjukehus. Det vart starta ei folkerørsle i fjorden, og det vart starta pengeinnsamling til eit eige Nordfjord-sjukehus, m.a. gjennom kollekt i Nordfjord-kyrkjene. Det var denne stemninga Singers nære ven og rådgjevar i Olden, Rasmus Yri, kjende så vel til då han fann allierte på Nordfjordeid: Som lokal postopnar i Olden hadde Yri postmeisteren på Nordfjordeid, Olav Monsson, som overordna. Dei to kjende kvarandre. Gjennom Monsson fekk Rasmus Yri kontakt med krigskommissær John Myklebust , som ikkje var sein å be då han augna sjansen til å verte introdusert for Singer i Olden.

Singer-pengar frå Florø til Eid

På eit møte mellom William H. Singer, Rasmus Yri og John Myklebust i 1930 vart strategien lagt: Nordfjord skulle få sitt eige sjukehus, og finanisert i hovudsak av Singer. Singer ynskte av ein eller annan grunn at sjukehuset ikkje vart bygd for nær heimen sin i Olden. Difor tok han med opne armar imot tilbodet frå Myklebust og Monsen om sjukehustomt i Prestemarka på Nordfjordeid. Singer hadde tidlegare gjeve dokter Yttri lovnad om 70.000 kroner i pengestøtte til bygging av nytt sjukehus i Florø, men trekte desse pengane tilbake og lova i staden 100.000 til nytt sjukehus på Nordfjordeid. Dette vekte sjølvsagt harme i Florø, og i Sunnfjord vart det sett i gang pengeinnsamling for å bøte på tapet av ”Singer-pengane”.

Sjukehuset som privat stifting

Ei eiga stifting dreiv Nordfjord Sjukehus frå 1936 til 1949, då fylket tok over. Sjukehuset vart utvida austover med 24 senger i 1949. Det vart ombygd og utvida både i 1976 og 1987.
Byste av Hans Chr. Wennevold utanfor sjukehuset. Foto: Ottar Starheim.

Legekrise og fakkeltog

Hans Chr. Wennevold var overlege frå starten i 1936 og til 1968. Ingen stad i fylket vart sjukehusstriden kring 1970 meir beisk og hard enn på Nordfjordeid. Striden toppa seg då ein gresk lege, Constantine Lygonis, vart henta frå Færøyane og tilsett som overlege ved sjukehuset i 1970. Sjukehuset hadde då lenge lidd av mangel på legar og sjukepleiarar. Lygonis sette i gang oppussing av sjukehuset og kjøpte mykje nytt utstyr utan at han hadde full klarering for dette i sjukehusstyret som var leia av dåverande ordførar Per Roti.

Constantine Lygonis

Kravde at økonomisjefen sa opp

Lygonis kom på kant med både Roti og økonomisjef Klara Engeland ved sjukehuset for dette, men vart tilsvarande populær i folkeopinionen og lokalpressa for tiltaka sine. Men han kravde Engeland bort frå sjukehuset, eller så flytta han. Framståande menn på Nordfjordeid kravde i brev til Engeland at ho skulle seie opp stillinga si for å hindre at Lygonis flytta. Ho kjende seg pressa til å seie opp, men fekk sterk støtte frå fylkesmann Schei og fylkesutvalet, og trekte difor oppseiinga si tilbake. Rabalderet førde også til at Per Roti vart kasta som ordførar i Eid, og varaordførar Lars Myrold frå same parti, Senterpartiet, tok over ordførarklubba. Men kort tid etter desse hendingane fann Lygonis det mest fornuftig å pakke saman og forsvinne frå Nordfjordeid.

Satsing på psykiatrien

I 1983 kom Psykiatrisk Poliklinikk, og i 1991 sto Nordfjord Psykiatrisenter ferdig. Bygningsmassen i sjukehus m.m. er 23.000 kvadratmeter, og institusjonane har over 200 tilsette.
I 2007 vart den første sengeposten for rusmisbrukarar i fylket bygd ved psykiatrisenteret på Nordfjordeid.

Sjå også:
· Nordfjord Sjukehus og Singer


MEIR OM EID 
Eid kommune

 
Aviser og media i Eid
Historia i Eid
Industri og næring i Eid
Kjende personar i Eid
Kommunehistoria i Eid
Krigshistoria i Eid
Kyrkjer i Eid
Samferdsle i Eid
Skular i Eid
Verd å sjå i Eid

 
Video frå Eid
Lyd frå Eid
MEIR OM SJUKEHUSA I SOGN OG FJORDANE 
Florø sjukehus
Førde Sentralsjukehus
Lærdal sjukehus
Nordfjord sjukehus

 
Helse Vest
Sjukehusstriden i 1928
Sjukehusstriden 1967–1972
SE OGSÅ
Siste saker:

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no