Nikolas var son av
Dronning Ingrid og Arne på Stodrheim.
Han vart utdanna som prest m.a. i Danmark og Paris.
Var med i slaget på Ilevollen
Han er første gong nemnd i Noregs-soga i 1180, då han og broren Filippus var med i fylgjet til kong
Magnus V Erlingsson i slaget mot
Sverre Sigurdsson på Ilevollen i Trondheim. Her fall broren Filippus.
Utsending for kongen
Nikolas var kong Magnus sin utsending i 1181, då kong Magnus gjorde ein mislukka freistnad på å få i stand forlik med kong Sverre.
I tida før det avgjerande slaget mellom kong Magnus Erlingsson og Sverre Sigurdsson ved Fimreite i Sogn i 1184 let det ikkje til at Nikolas Arneson spela nokon aktiv rolle. I dette slaget fall kong Magnus.
|
Minnesteinen over Stårheimsætta. (Foto: Ottar Starheim, NRK © 2003) |
Arva Stårheims-godset
Den eldste av brørne på Stårheim heitte Inge, men han døydde truleg ung. Difor var det Nikolas som arva ættegarden på Stårheim, og seinare kunne krevje inn landskylda frå godset.
I strid med kong Sverre
I 1189 vart Nikolas vald til biskop i Stavanger av korsbrørne, men kong Sverre sette seg imot og pressa gjenom sin eigen kandidat. Nikolas skal så ha overtydd tremenningen sin, dronning Margrete - ektemaken til kong Sverre - til å tale si sak for kongen.
Dette førte til at kong Sverre gjekk med på at Nikolas vart utnemnd til biskop i Oslo i 1190. Bispegarden i Oslo fekk Nikolaus bygt om til ei borg.
Kong Sverre lyst i bann
Nikolaus var mellom bispane som i 1194 kruna Sverre til konge. Men same året lyste den norske erkebispen Eirik kong Sverre i bann. Erkebisp Eirik hadde i 1190 rømd til Danmark. Like etter bannlysinga reiste bisp Nikolas til Danmark og slutta seg til erkebisp Eirik.
Vart leiar for baglarane
I Danmark vart Nikolas leiar for dei norske flyktningane som i 1196 peika ut Inge - ein mann som skulle vere son til den falne
Magnus V Erlingsson - som konge i Noreg. Opprørsflokken vart kalla "baglarane" etter ordet "bagall", som tyder bispestav. Baglarane fekk kontroll over heile Austlandet. Dei reiste på hærferd over Strynefjellet til Nordfjord, der dei drap kong Sverre sin syslemann.
Flykta til Trondheim
Etter at kong Sverre sigra over baglarane i eit stort slag ved Oslo i 1197, rømde Nikolas med hæren sin til Trondheim. I 1198 vart det harde kampar mellom baglarane og kong Sverre kring Bergen, og baglarane vart skulda for å ha sett eld på byen.
Styrte i vest
I eit heilt år hadde Nikolas sin baglarflokk kontrollen over Vestlandet og store delar av Hålogaland før dei leid nederlag i slaget i Strindfjorden i 1199, og Nikolas måtte røme til Danmark.
Fleire nye stridar
I stridar som no fylgde i Noreg vart baglarane sitt eige kongsemne Inge, drepen, og i 1202 gjorde baglarane forlik med kong Sverre sin son, kong Håkon.
Då kong Håkon døydde i 1204 og birkebeinarane peika ut småbarnet Guttorm Sigurdsson til ny konge, reiste baglarane seg på nytt i protest. Dei peika ut Erling Steinvegg - ein annan son av kong Magnus Erlingsson - som sitt nye kongemne. Erling Steinvegg vart hylla som konge på Haugating ved Tønsberg sommaren 1204.
Nevø vart jarl
Ein systerson av Nikolas Arneson, Filippus, vart no den nye kongen sin jarl. Denne Filippus skal Nikolaus noko tidlegare ha gjort ein mislukka freistnad på å få utnemnd til konge. (Filippus var son til Margrete Arnesdotter - syster til Nikolas.)
Etter denne "offensiven" i Noreg vart det på nytt utrygt for Nikolas å vere i landet, og han søkte for andre gong ly i Danmark.
Filippus vart baglarkonge i aust
Hausten 1205 greidde baglarane på nytt å få herredømet over Austlandet, og då Erling Steinvegg - kongen deira - døydde i 1207, gav det seg endeleg eit høve for bisp Nikolas å få utnemnd systersonen Filippus til baglarane sin konge. I eit forlik som Nikolas fekk i stand med birkebeinarane i 1208, fekk Filippus Austlandet som kongedøme. I tillegg skulle Filippus gifte seg med kong Sverre si dotter, Kristin. I dette forliket fekk også kyrkja sikre sine rettar og eigedomar.
Fred i 1223
Ved fleire forliksrundar i åra fram til 1223 vart striden mellom baglarar og birkebeinarar avslutta. I dette fredsarbeidet spela Nikolas den sentrale rollen.
I dei siste åra som bisp Nikolas Arnesson levde, var han rådgjevar for kong Håkon Håkonsson.
Fekk skryt av kongen
Sjølv om Nikolas var leiar for baglarane, var han kjend som ein særs dyktig statsmann og diplomat. Då kong Sverre døydde, var det Nikolas som heldt gravtalen. Og då Nikolas sjølv døydde i 1225, heldt kong Håkon Håkonson minnetalen over ein mann "som ingen overgjekk i klokskap og vyrdnad".
Bokskreppa
Nikolas var kjend som ein svært lærd mann, hadde utanlandske lærde i si teneste, og skipet hans vart kalla "Bokskreppa".
Omskriven av Ibsen
I Henrik Ibsen sitt skodespel "Kongsemnerne" er bisp Nikolas Arnesson ein sentral figur.
Minnestøtte på Stårheim
På Stårheim vart det i 1960 reist ei minnestøtte over Nikolas Arnesson og
Stårheimsætta som han tilhøyrde (sjå bilete lenger oppe).