Lefdals Fiskeriselskap var eitt av pionèr-selskapa i overgangen frå segl til motordrift i fiskeflåten i Sogn og Fjordane. Både Ole Kr. Lefdal og
Lars P. Lefdal som også slo seg stort opp på fiskeri i Måløy, var bondegutar frå den vesle bygda Lefdal lengst vest i Eid kommune.
I 1899 kjøpte Lefdals Fiskeriselskap fiskedampskipet D/S ”Egil” for havfiske på Storegga og andre havbankar. ”Egil” var 75 fot lang og gjorde 8,5 mils fart. Eit par år seinare kjøpte dei også fiskedampskipet ”Skallagrim”. Selskapet vart oppløyst i 1911.
Ole Kr. Lefdal gjekk seinare over til eige firma med fiskeeksport, kolhandel m.m. Han åtte då fiskedampbåten ”Thorulf”, og var medeigar i ”Siger”, den første fiskebåten med oljemotor i Måløy. Han var også med og starta hermetikkfabrikken Moldøen Canning Co. (sjå under
Fiskeriverksemder i Vågsøy) saman med
Hans Søreide og Ulvesund Fiskeguanofabrik på Trollebø, seinare
Ulvesund Formelfabrikk.
Ole Kr. Lefdal gjekk konkurs under krisa på 1920-talet. I 1930 selde han sjøbua si i Deknepollen til Gerhard Voldnes, som der starta
Måløy Sildoljefabrikk A/S.