Folketonejakt i Hornindal
(sjå peikar ovanfor). Video med: Marta Seljeset Frøland, Oline Løvlid, Ann Kristin Grodås, Kristina Tomasgard, Torstein Løvlid, Unni Løvlid, Liv Merete Kroken, Hans Magnus Nedreberg, "Småkvedarane" frå Hornindal Spelemannslag.
FOLKEMUSIKARAR:
(sjå omtale av grupper nedst på sida)
(1782-1878). Ein av dei første kjende spelemennene for Hornindal.
Lise Jyvall
( f. 1791- ) frå Maurset. Spelekvinne – sjå
Marte Olsdotter Støverstein.
Synneve Seljeset
(1791 - ) frå Hornindal. Spelekvinne – sjå
Marte Olsdotter Støverstein.
Hans Erikson Brendefur
(1793-1875) frå Brendefur. Husmann og folkemusikar. Han hadde plass under Haugen, og dreiv som sauegjetar om somrane. Hans vart særleg kjend som lurspelar, og det er teke vare på nokre låtar i tradisjon etter Hans Brendefur. Bror til
Lars Eriksson Brendefur.
(1797-) frå indre Hornindal. Bondekone og spelekvinne.
Samuline Seljeset
(1804 - ) frå Hornindal. Spelekvinne – sjå
Marte Olsdotter Støverstein.
Lars Kroken
(1807-1889)– Kroka-Lars – var kjend spelemann. Busett som bygslemann på Taraldset. Han gjekk i lære hjå omstreifaren "Blinde-Rasmus", og reiste som spelemann både i Nordfjord og på Sunnmøre. Han komponerte ei mengd slåttar som seinare er skrivne ned av andre.
(1824-1916) frå Markane. Spelemann og slåttekomponist. Han var kjend som meisterspelemannen i Nordfjord i si tid.
Elling Seljeset d.e.
(1861-1951). Samla og tok vare på den gamle kvedartradisjonen i Hornindal. Mykje av dette materialet vart på 1930 sikra for ettertida med opptak av Elling Seljeset sin song.
Lars Tomasgård
(1865–1946), kjend spelemann. Gjekk m.a. i lære hos kjende spelemenn som Jon Bolstad og Ivar Skjelstad, og spela m.a. i bryllup over heile Nordfjord. Han vann fleire prisar på kappleikar.
(1889-1976) frå Hornindal. Bonde, spelemann og slåttekomponist. Han var ein av dei fremste spelemennene i dalen på 1900-talet. (Sjå video øvst på sida.)
(1914-2003). Spelemann, folkedansar og slåttekomponist.
Anna Lunde
(1917–2001) frå Hornindal. Kvedar og dansar. kvedar og dansar – sjå
Ragnvald Lunde.
f. 1928, landskjend kvedar som fekk overlevert den gamle songtradisjonen frå farfaren (sjå Elling Seljeset d.e. ovanfor)
f. 1950. Kvedar som har vunne mange landstevlingar, og gjort mykje for å bere dei gamle songtradisjonane i Hornindal vidare.
f. 1976 i Hornindal, busett i Oslo. Folkesongar og medlem av gruppa "Fjøgl".
f. 1976 i Hornindal, busett i Arna. Hardingfelespelar og medlem av gruppa "Fjøgl".
f. 1978 i Hornindal. Folkemusikar på hardingfele og vanleg fele.
FOLKEMUSIKKGRUPPER:
Hornindal Spelemannslag
vart skipa 1960 etter initiativ frå Rasmus A. Lødemel. Laget har hatt opptil 30 medlemer. Deltok første gong på Landskappleiken i 1966. Både der og seinare har laget vunne mange førsteprisar på Landskappleiken. Ei junior-gruppe kalla ”Småhonndølene” vart skipa 1973.
Småhonndølene
- Hornindal Spelemannslag frå 1960 ovanfor.
Honndalstausene, slåttespel-gruppe samansett berre av jenter, skipa 1983.
Fjøgl
I 1999 skipa folkesongar
Unni Løvlid og felespelar
Liv Merete Kroken saman med felespelar
Sigrid Terese Moldestad frå Breim gruppa "Fjøgl".