SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Industri og næring i Selje

Klippfisktørking i Holmavikja ca. 1914. Foto:Kristofer Djupedal
Klippfisktørking i Holmavikja ca. 1914. Foto:Kristofer Djupedal
Omtalane er ordna etter oppstartår:

Publisert 06.03.2001 13:01. Oppdatert 13.02.2007 15:12.

SAMLESIDER:
· Fabrikkar og produksjonsverkstader i Selje
· Fiskeverksemder i Selje
·



Kremmarleie i Borgundvågen

Borgundvågen er ei lunande bukt på nordsida av Stadlandet. På Borgundholmen var det handelsstad frå 1650.

Kremmar på Kvamme på Stadlandet

På vestsida av innløpet til Kjødepollen ligg den lune Jektevika ved garden Kvamme. Her var det på 1600-talet ein handelsmann.

Gjestgiveria i Moldefjorden

Lensmann Hans Rasmusson Bortne, som vart lensmann i Selje i 1722, dreiv gjestgiveri på garden sin på Berstad inst i Moldefjorden.

Øl og brennevin på Liset

På 1700-talet, då folk frå Stadlandet måtte gå over Liberra for å kome til kyrkje i Selje, dreiv bonden på Liset brennevinsskjenking og handel.

Havstover

som vart nytta som losji under dei store sesongfiskeri, var det vanleg at rorslag inne frå fjordane bygde i kystbygdene i Selje. Desse havstovene stod på bygsla grunn, og vart oftast rigga ned av eigarane når dei rike fiskeåra tok slutt.

Handel i Honningsvåg

I Honningsvåg starta Jakob Larsson Honningsvåg handel i 1897.

Handel på Stadlandet

På Stadlandet (Leikanger) starta Eirik Simonson Kjøde handel i 1879.
Leikanger ca. 1910. Postkort


Nils Rønneberg

starta gjesteheim og landhandel i Selje 1839, etter at han selde Handelsstaden Osmundsvåg.

Sjur Liland

– også kalla Sjur i Salt – starta landhandel på Salt ytst i Moldefjorden i 1868.

Nils E. Selløe

starta landhandel i Selje 1870, og flytta 1876 til Drage for å drive handel der. Etter flyttinga endra han namnet sitt til Nils Drage. På Drage er det også spor etter ein Peder Drage som skal ha drive handel på 1690-talet, men kva slags handel det var tale om er ikkje kjent.

Selje Forbruksforening

vart skipa 1872 og dreiv handel i Selje til ca. 1886.

Ingebrigt Drage

starta landhandel på Leikanger i 1885. Han dreiv berre fire år før han la ned.

Selje Sparebank

vart skipa 1893. Dei første åra hadde banken ope berre ein dag kvar fjortande dag, frå 1912 to dagar i veka.

Selje Gjensidige Branntrygdelag

vart skipa i 1895. Laget hadde i 1953 over 1200 medlemmer i Selje og Vågsøy som hadde teikna brannassuranse i laget.

Rasmus Djupedal

starta landhandel i Djupedalen i Selje i 1896.

Ananias A. Hoddevik

landhandel i 1898 – sjå Lokalt kystmuseum i Hoddevikbuda.

Birkeli Gjestgiveri

på Nabben i Selje vart skipa 1905 av Edvard Birkeli frå Svelgen. Han dreiv også handel. Seinare tok andre eigarar over pensjonatet under namnet Moldestad Pensjonat.

Kvegavlsforeningar

vart skipa i Selje og på Sande 1896.

Kraftverk

i Selje kom første gong på tale i 1913 (sokneprest Nybø).

Statlandets handelslag A/S

skipa 1915 på Leikanger.

Statlandets Privatbank

vart skipa kring 1920, med Gabriel Reed som banksjef. Banken gjekk konkurs under den økonomiske krisa kring 1930, og innskytarane tapte pengane sine, på same vis som det hende då Måløy Privatbank gjekk konkurs på same tid.

A/S Ytre Statt handelslag

skipa 1930, frå 1939 Stad handelslag. Laget dreiv også Ytre Stad Smørlag, som tok imot smør frå gardsbruk der dei ikkje kunne levere mjølk til meieri.

Selje Handelsforening

skipa 1920. Endra namn til Selje handelslag i 1946.

Eltvik & Åhjem eftf AS

sjå Rasmus Djupedal 1896.

Ferdaheimen

på Stadlandet vart starta sist på 1950-talet av Marta Hoddevik.

Wik Daglegvarer A/S

på Flatraket vart starta i 1971 av Magnar og Mary Ann Wik.

Nordfjord Sparebank

- sjå Selje Sparebank.

Selje Hotell

grunnlagt 1975 av Wald Drageseth. Hotellet hadde frå starten 85 senger, men er seinare utvida fleire gonger.

Sparebanken Vest

- sjå Selje Sparebank.

Stadt Gardsmat

i Honningsvåg vart skipa i 1999 av Geir Ole og Anne Grete Ervik i Honningsvåg og Tove Husabø og Ole E. Oksholen på Leikanger. Stadt Gardsmat produserer kjøtvarer av sau som vert omsett ved torgsal og frå bil.

Gammel Sjarm

antikvitetsbutikk vart skipa i Selje av Werner Van Den Branden i 2000. Ektemaken Bodil Van Den Branden starta på same tid med kafé, overnatting og interiørbutikk i den gamle legebustaden i bygda.

Statkraft i Selje

Hadde planar om å byggje eitt av landets største vindkraftverk på Hoddevikfjellet.

Paneda AS

vart skipa i Selje i 2001 av Oddvar Flølo.

Handelslaget AS

vart opna i Selje i 2006 og er eit lite kjøpesenter med plass til fire butikkar.

MEIR OM SELJE 
Selje kommune

 
Historia i Selje
Industri og næring i Selje
Kjende personar i Selje
Kommunehistoria i Selje
Krigshistoria i Selje
Kyrkjer i Selje
Samferdsle i Selje
Skular i Selje
Verd å sjå i Selje

 
Video frå Selje
Lyd frå Selje
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no