|
Bodvar Vetrhus |
Vetrhus starta først tauverksproduksjon 1968 på Barmen, og frå 1974 på Vederhus, før verksemda vart flytta inn i eit kommunalt industriutleigebygg på 1850 kvadratmeter på Flatraket i 1980. Dette vart seinare kjøpt av selskapet og mykje utvida.
Fiskevegn hadde i 2000 ei omsetning på 113 millionar kroner, og var med 90 tilsette største arbeidsplassen i Selje kommune.
Produksjonsbygget på Flatraket er på 13.000 kvm.
Fiskevegn har avdeling på Island, utsal i Ålesund og er medeigar i tilsvarande verksemd i Nord-Noreg.
|
Fiskevegn på Flatraket |
Flaggar ut
I 2002 reduserte Fiskevegn talet på tilsette på Flatraket med 30 personar og flytta mykje av produksjonen til Latvia.
- Sjå elles BFG - Best Fishing Gear (sjå under
Fiskeriverksemder i Vågsøy) som Bodvar Vetrhus var med og skipa i 1999.