OVERSIKT NYHETER SPORT MUSIKK UNDERHOLDNING FILM LITTERATUR MAT BARN UPUNKT
NRK sogn og fjordane kongebesøk

Her er du: NRK > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Kongebesøk i Sogn

Oppdatert 12.11.2002 15:52

 Distrikt
 
NYHENDE

ANDRE KONGESIDER

NRK DistriktNRK VestfoldNRK ØstfoldNRK ØstlandssendingenNRK HedmarkNRK OpplandNRK BuskerudNRK TelemarkNRK SørlandetNRK RogalandNRK HordalandNRK Sogn og FjordaneNRK Møre og RomsdalNRK Sør-TrøndelagNRK Nord-TrøndelagNRK NordlandNRK TromsNRK FinnmarkDistrikt forside
 

– Sogn var fantastisk

Etter ein og ein halv time med øsande regnver under Håkonarspelet takka Kong Harald for reisa gjennom Sogn. -Det har vore ein fantastisk tur, sa Harald.

Våtare kan det ikkje bli
Våtare kan det ikkje bli

Avslutta i øsande regnver

Den kongelege ferda gjennom Sogn vart avslutta i øsande regnver i Gulen. Kledde med det som var av regnklede følgde Kongen og Dronninga Håkonarspelet.
Sjå fotogalleriet: Kongen i Gulen


Møtte enka etter krigshelt

Kong Harald la i føremiddag ned krans på minnebautaen over krigshelten Harald Risnes. Der møtte han og Dronninga også enka etter oberstløytnanten, Aslaug Risnes.
Sjå fotogalleriet: Kongen i Hyllestad


Dronning Sonja heldt opningstalen
Dronning Sonja heldt opningstalen

Kvernsteinsparken opna

Kongeparet kom klokka 10 i dag i land på småbåthamna i Hyllestad. Hamna var fullsett av folk som venta på Kongen og Dronninga. Der føretok dei den høgtidlege opninga av Kvernsteinparken.

Besøkte verftet i Leirvik

Kongeparet vart møtt av direktør Arne Jan Engen då dei kom til Havyard Leirvik klokka halv tolv i dag. Der vart dei orienterte om det moderne verftet.

Dronninga opna akvariet

Dronning Sonja føretok i dag den offisielle opninga av Sognefjord Akvarium i Balestrand. - Ein kvar som ser ut over den vakre Sognefjorden må spørje seg sjølv - kva skjuler seg under den blanke overflata, sa dronninga.
Sjå fotogalleriet: Kongen i Balestrand


Ungkarsklubb nytta sjansen

Midt blant dei festkledde og flaggviftande balestrendingane som stod og venta på kongeskipet i går ettermiddag stod nokre unge menn med eit litt uvanleg ærend. Dei 20 medlemmene i Sygna Ungkarsklubb var nemleg på damejakt.

To engasjerte kvinner
To engasjerte kvinner

-Engasjert Sonja

-Sonja var svært engasjert og viste store kunnskapar om både kunst og arkitektur. Det sa kunstnaren Bjørg Frøisok Bjøberg etter å ha vore kongeparet sin guide i Balestrand.

Regnet innhenta Sonja

Då Sonja kom til Futegarden i Balestrand måndag ettermiddag fekk ho for første gong møte regnveret i Sogn. Ho vart teken i mot av ein godt budd Frode Høyvik.
Sjå fotogalleriet: Kongen i Balestrand


Kongen stoppa for Endre Nikolai

Mange er dei som har stått langs kongeruta for å få bilete av kongeparet. Sjeldnare er det at paret stoggar for å la seg fotografere. Det fekk unge Endre Nikolai Offerdal til.

Kongen smilte godt då han hadde avlevert toppkarakteren. (Foto: R. Søgnesand, NRK)
Kongen smilte godt då han hadde avlevert toppkarakteren. (Foto: R. Søgnesand, NRK)

Gav gamalosten toppkarakter

På ein skala frå null til 10 gav Kong Harald gamalosten ein 11'ar! Han og Dronninga fekk servert osten frå meieriet i Vik i føremiddag.
Sjå fotogalleriet: Kongen i Vik


Dronninga møter born frå Vangsnes skule.
Dronninga møter born frå Vangsnes skule.

Sagastemning på Vangsnes

Kvart over ni i dag tidleg kom kongeskipet til Vangsnes i Vik kommune der dag to av kongebesøket i Sogn starta. Der venta framføringa av Fridtjovspelet ved den store statuen av segnkongen.

Ungar utkledde som kyr

På Flatbygdi skule i Vik besøkte kongeparet dei to klasseromma til 1. klasse. Etterpå var det leik og skodespel med ungar utkledde som kyr.

Eit djupt bukk av unge Mathias Hansen
Eit djupt bukk av unge Mathias Hansen

Folkefest i Årdal

Eit folkehav tok i mot kongeparet då dei kom til Årdalstangen søndag kveld. Mest av alt imponerte kanskje unge Mathias Hansen med sitt djupe bukk for dronninga.
Sjå fotogalleriet: Kongen i Årdal


Lyd og video frå kongebesøket

Her kan du sjå og høyre innslag som er sendt på radio og fjernsyn i samband med kongeparet si reise i Sogn. Klyppa blir vist i Windows Media Player (Hjelp - lyd/video).

Bilete frå Årdal - ventinga

Kongebesøk er også mykje venting. Langs heile ruta til kongen og dronninga vil det stå små og spente blomsterbarn og vente. Her ser vi Sunniva Øvstetun og Mathias Hansen på Årdalstangen.

Ordførar Oddbjørn Einan møter kongeparet.
Ordførar Oddbjørn Einan møter kongeparet.

Bilete frå Årdal - kongeparet kjem

Det var avtroppande ordførar, Oddbjørn Einan, som tok i mot kongeparet då dei kom til Årdalstangen. Der fekk kongen mellom anna opna "Tusenårsstaden" til kommunen.

Kongeleg møte i Flåm

Kong Harald og dronning Sonja følgde i Kong Sverre sine fotspor då dei kom til Aurland søndag. I Flåm møtte dei ein ny Kong Sverre spelt av 10 år gamle Brede Tokvam.

Kjosfossen på sitt mest praktfulle.
Kjosfossen på sitt mest praktfulle.

Praktfulle Sogn møtte kongen

Sogn viste seg frå si beste side då kongen og dronninga starta si ferd langs Sognefjorden søndag. Det heile starta med turen ned langs Flåmsbana.

Kongen går ombord på Myrdal stasjon.
Kongen går ombord på Myrdal stasjon.

Bilete frå Flåm

Reisa til kongeparet starta på Myrdal stasjon. Der dei gjekk ombord i vogna som skulle frakte dei ned Flåmsdalen. Her er dei vakre bileta frå turen.


 
 
SØK

FORNAVN
ETTERNAVN *
FOTOGALLERI

TIDLEGARE KONGEBESØK

VIDEO/LYD

Kongebesøk Sogn knapp 140b
bannerknapp 140b Fylkesleksikon
Copyright NRK © 2001   -  Telefon: 815 65 900  -   E-post: info@nrk.no   -   19.12.2008 01:19