| | Dronninga opna akvariet Publisert 10.06.2002 16:54 - Oppdatert 11.06.2002 10:05 Dronning Sonja føretok i dag den offisielle opninga av Sognefjord Akvarium i Balestrand. - Ein kvar som ser ut over den vakre Sognefjorden må spørje seg sjølv - kva skjuler seg under den blanke overflata?
Slik starta Dronninga talen som førte til opninga av akvariet. Ho var både innom dyrelivet i djupet, men også det faktum at vassdraga som rann ned i fjorden forsynte samfunna både i Sogn og elles med elektrisk kraft.
Ho syntest også at det var spesielt moro at borna var så interesserte i prosjektet, som er eit svært populært reisemål for dei som skal på leirtur.
Opninga skjedde rundt klokka 1600. Tidlegare på ettermiddagen vart kongeparet tekne i mot av førsteklassingane Heidrunn Eitungjerde Høyvik frå Sagatun skule og Roger Sande Fjærestad frå Nesse skule då dei gjekk i land i Balestrand.
| |
|