| | Besøkte verftet i Leirvik Publisert 11.06.2002 11:46 Kongeparet vart møtt av direktør Arne Jan Engen då dei kom til Havyard Leirvik klokka halv tolv i dag. Der vart dei orienterte om det moderne verftet.
På synfaringa vart dei mellom anna vist ein skipsmodell, og fekk sjå det halvferdige skipsbygget der. Havyard Leirvik er den desidert største arbeidsplassen i Hyllestad, og vart grunnlagt av bondeguten Jonas Løland tidleg i førre århundre. Skipsverftet vart i si tid overteke av Kleven-familien, før dei selte det til Kværner, som igjen overdrog det til selskapet Havyard.
| |
|