| | Avslutta i øsande regnver Publisert 11.06.2002 13:34 - Oppdatert 11.06.2002 15:20 | Paraplyane måtte fram i Gulen | Den kongelege ferda gjennom Sogn vart tysdag ettermiddag avslutta i øsande regnver i Gulen. Klokka 14 gjekk Kongen og Dronninga i land på Prestekaia i Eivindvik.
Turen startar med den kulturhistoriske vandringa, via steintrappa ved prestebustaden, til kyrkjeporten med den keltiske krossen. I Eivindvik står det to steinkrossar ein norsk-keltisk type og ein anglikansk type.
Krossane er truleg reiste rundt år 1000, men neppe begge på same tid. Kongane Håkon Adelsteinfostre, Olav Tryggvason og Olav den Heilage har oftast vore nemnde som krossreisarane. Arbeidet er truleg truleg utført av irske eller britiske munkar.
Kongeparet fekk også sett utstillinga og presentasjonen av Tusenårsstaden Gulatinget. Tingstaden på Flolid er Sogn og Fjordane Fylkeskommune sin tusenårsstad. På plass var kunstnaren Bård Breivik som orienterte om den store krossen han skal byggje på fjellet ovanfor Flolid.
På Flolid skal dei kongelege også få sjå Håkonarspelet "Håkon Adelsteinfostre i Gula"
| |
|