Hopp til innhold

Gi di røyst no

Røyst på din favoritt til Fylkestoppen før 16. april.

Bjarne Lunde stort
Foto: Pressefoto.

Røyst slik: Bruk skjemaet under (berre ei røyst i døgnet), send epost til lenkja under songen (sju epostar per song) eller ring 829 47 544 under sending. I tillegg kjem røystene til fagjuryen vår. Frist for nettrøyster er torsdag 16. april klokka 10.00.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Stine Beate Bøthun Breilid

Stine Beate Bøthun Breilid
Foto: Pressefoto.

Den 17 år gamle musikaren Stine Beate Bøthun Breilid vart Lutt-talentet i 2008. No ligg jenta frå Fresvik på topp på Fylkestoppen med songen "I got to go now". Som Lutt-talent var Stine Beate ein av deltakarane på konserten Jule-Lutt i desember 2008. Ho har jobba med musikk i mange år, og har veldig lyst å satse også framover.
Høyr: I Got To Go Now - Stine Beate Bøthun Breilid
fylkestoppen@nrk.no


Bjarne Lunde

Bjarne Lunde
Foto: Pressefoto.

Bjarne Lunde var første utfordrar til fylkestoppen i mars, og hamna på andre plass. Musikken er hobby nummer ein for 40-åringen frå Aalfoten som trass 25-år som dansebandmusikar og trubadur framleis ikkje er lei av livet som hobbymusikar. Dei siste 15-åra har Bjarne Lunde stort sett reist som trubadur og einmannsorkester. Før det er det nok mange som hugsar han som eitt av medlemane i Lundes Trio, der faren har vore primus motor i snart ein mannsalder. Frå den komande singelplata med tre songar er det Make a fool of me som no ligg på Fylkestoppen.
Høyr: Bjarne Lunde - Make a fool of me
fylkestoppen@nrk.no


Tone Damli Aaberge

Tone Damli Aaberge i kvit kjole under finalen i Melodi Grand Prix
Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Fylket si store popdronning, Tone Damli Aaberge, kom på tredje plass i mars med "Butterflies." 21-åringen gjekk vidare til finalen i Melodi Grand Prix den 21. februar. Ho var også i veke sju den nest mest solgte artisten i Norge. Det er første gong ein artist frå fylket er så høgt oppe på salstoppen VG-lista. 30.april kom Tone med si tredje plate med tittelen "I Know."
Tone Damli Aaberge - Butterflies
fylkestoppen@nrk.no


Eva & The Heartmaker

Eva Weel Skram
Foto: Stian Sjursen Takle/NRK.

Sognejenta Eva Weel Skram var i starten av februar mest solgt av norske artistar. Ho jobbar for tida med si neste plate saman med gruppa si Eva & The Heartmaker. I fjor haust fekk NRK P3 høyre ein av melodiane frå plata, og vart stupforelska. Det er denne melodien som kom inn på tredjeplass på lista som utfordrar i desember. Eva Weel Skram gav også to konsertar under bransjetreffet By:larm 19-22. februar.
Høyr Superhero med Eva & The Heartmaker
fylkestoppen@nrk.no

Maria Helgesen

Maria Helgesen
Foto: Privat.

"The Orchid Of My Collection" er første utfordrar til Fylkestoppen i april. Maria Helgesen frå Selje har tonesett og syng songen. Lars-Rune Alvsaker skreiv teksten då mor hans Reidun døde av kreft. Låta er spelt inn i YFM Studio i Bergen og produsert av Erlend Fauske og Hans Christian Helgesen. Helga Helgesen er med og korar på melodien.
Høyr Maria Helgesen - Orchid of my collection
fylkestoppen@nrk.no

Ingvill Førde Torvanger

Ingvill Førde Torvanger
Foto: Dag Frøyen, Firdaposten.

"Kvar er du no" heiter melodien Ingvill syng som andre utfordrar på Fylkestoppen. Torvanger kjem frå Bremanger, men er busett i Florø. Det er Sølve Stang frå Stongfjorden som har skrive tekst og melodi. Songen er ei bryllaupsgåve til ei venninde som miste son sin for nokre år sidan.
Ingvill Førde Torvanger - Kvar er du no
fylkestoppen@nrk.no

Kruttrøyk

Kruttrøyk
Foto: Torgeir Ness Sundli

Det er gått tre år sidan countryrockgruppa Kruttrøyk frå Sunnfjord gav ut si forrige plate. No er sunnfjordingane klar med ny musikk. I første omgang kjem musikken på DVD og singel. "Kallen med Krag'en" som prøver seg på Fylkestoppen er ein typisk Kruttrøyk-låt, seier bassist Torbjørn Gran.
Høyr Kruttrøyk - Kallen med krag'en
fylkestoppen@nrk.no