Hopp til innhold

The Pink Robots er årets Urørt

The Pink Robots frå Selje vart kåra til årets Urørt 2010 fredag kveld.

- Klam i skjorta

- Vi er klam i skjorta. Dette var heilt fantastisk. Det er heilt crazy å få så mykje fokus. Tusen takk til alle som har røysta på oss. Det sa bandet då dei vart intervjua av NRK P3 rett etter finalen. Det skilte berre 125 røyster mellom The Pink Robots og bandet Kvelertak som kom på andre plass.
Høyr kåringa av årets urørt 2010.
Urørt er NRK P3 sin konkurranse for nye band utan platekontrakt.

Konsert og pengepremie

Premien er 25000 kroner, ein norgesturne, speling på det største bransjetreffet i Norge og på den store festivalen Norwegian Wood.
- Pengane skal vi bruke til å betale gjeld, sa Hans Christian Helgsen då han fekk spørsmål om kva pengepremien skal brukast til.

- Gler oss til å spele for folk

- Kva er det bandet gleder seg mest til i 2010?
- Det er å få spele for folk. No har vi vore i studio i to år. Det skal bli fantastisk å få spele masse konsertar, sa Helgesen på scena under utdelinga av prisen.
Les og høyr alt om The Pink Robots.

Mamma gratulerer

Mor til vokalist i The Pink Robots, Gunn Helgesen, er ordførar i Selje kommune. Ho seier det er utruleg kjekt at bandet til sonen fekk urørtprisen.
- Gratulerer til både dei og Sogn og Fjordane, seier ho til NRK Sogn og Fjordane.

- Beste refrenget

Juryen for Urørt 2010

Årets Urørt-jury, f.v. Thomas Seltzer, Fredrik Saroea, Ingrid Olava og Mats Borch Bugge.

Foto: NRK P3

Jurymedlem Ingrid Olava meinte The Pink Robots hadde det beste refrenget i urørtfinalen. Under presentasjonen av bandet på finalen roste den kjende artisten bandet for refrenget på låta Curly.
Sjå The Pink Robots bli årets Urørt i nett-tv

- Fengande låt

- Det er også flott arrangert, og veldig fengande, sa Fredrik Saroea frå Datarock som også sit i juryen saman med Thomas Seltzer frå Turboneger og Mats Borch Bugge som er musikksjef i NRK P3. Bandet skulle reise vidare til spelejobb i Valdres laurdag.
Juryen om The Pink Robots i Urørtfinalen LIVE


The Pink Robots var ein av ti finalistar til å vinne tittelen årets Urørt 2010.
Pink Robots kan bli "Årets urørt"

The Pink Robots frå Urørtfinalen 2010

The Pink Robots før Urørtfinalen 2010.

Foto: Erlend Lånke Solbu, NRK P3