Hopp til innhold

11-åring er blitt bykjendis

Han har skrive hyllest til Florø by som feirer 150 år. No er Balder Belsvik blitt kjendis i heimbyen.

Balder Belsvik
Foto: Kristin S. Vestreim / NRK

«Stolt og Kry» heiter songen som Balder har skrive tekst og melodi til. Rockebandet Hugoheads har spelt inn låta, og på kort tid har dei fleste i Florø fått med seg hyllesten til kystbyen.

Då NRK Sogn og Fjordane besøkte Florø møtte vi mange som kunne songen godt.

Mykje skryt

Sjølv synst Balder Belsvik at det er kjekt at låta hans er blitt så godt motteken.

– Det er mange som har komme bort til meg og sagt at det er ein flott melodi. På UKM kom det ei dame bort til meg og spurte om ho kunne få gi meg ein klem. Det fekk ho, seier 11-åringen humørfylt til NRK Sogn og Fjordane.

Mange vil bli kordame

No har Balder lyst å starte sitt eige band i Florø.

– Men det er ikkje så lett å finne folk på min eigen alder som vil spele i band, seier Balder.

Kordamer har han derimot mange tilbod om.

– Det er mange jenter som kjem bort og vil bli med i bandet som kordamer.

– Kva seier du då?

– Æææ, eg seier at eg veit ikkje heilt, ler den nye kjedisen i Florø.

Skal framførast på bursdagsfesten

Florø er kjent som ein by med sterk patriotisme. At byen i år fyller 150 år vert feira med rundt 100 arrangement i løpet av året.

Den største festen vert på sjølve bursdagen til byen 16.mai. Då skal også songen til Balder framførast på torget.