Hopp til innhold

Rørt til tårer av UKM-dans

Sandra og Solvei frå Sogndal var rørt til tårer etter å ha vore på scena under UKM på Nordfjordeid fredag kveld.

Sandra Ågotnes Lærum og Solvei Uglum Krogstad under UKM SF 2012

DANS: Sandra Ågotnes Lærum og Solvei Uglum Krogstad leverte dans med sterke følelsar under UKM i Sogn og Fjordane.

Foto: Anne Grethe Strand

Heilt sidan dei var små har dei dansa, og likar veldig godt moderne dans. Difor ville dei melde seg på UKM med eit moderne dansestykke saman. Det vart ei sterk oppleving for dei to.

Ville vise følelsar

- Vi vil prøve å vise korleis ungdomen har det, og formidle følelsar gjennom dansen. Det er mykje frustrasjon, ein føler seg mykje åleine og det er godt å ha nokon å vere saman med. Vi trur at vi klarar å utrykke oss betre gjennom dansen, fortel dei to jentene som har laga dansen sin heilt sjølv.

Sterke følelsar

Dei to femten år gamle jentene levert eitt av tretti innslag under den første førestillinga på fylkeskulturmønstringa i Sogn og Fjordane fredag kveld. Gjennom fire minutt gav dei alt, og var tydeleg rørte då dei kom av scena.
- Vi føler vi har gjort ein god jobb, og er veldig lukkelege over å vere ferdige. Men det er sterkt å ta ut følelsane på denne måten. Det er berre å oppfordre alle andre til å delta også, seier dei to jentene.