Hopp til innhold

Suksess for Storehesten Opp

Fleire enn 1000 personar deltok på fjelløpet Storehesten Opp som gjekk av stabelen i Bygstad laurdag.

Arrangørane hadde rekna med om lag 300 deltakarar, men langt fleire trassa dårleg ver for å bli med på løpet.

Opp på 68 minutt

Jon Tvedt frå Gular IL vann herreklassen med tida 68,04. Best i kvinneklassen vart Anita Håkenstad Evertsen frå Øystre Slidre IL, med tida 90,05.

Etter vinnaren Jon Tvedt følgde Morten Eilifsen, Rindals-Troll IK, og Bjarne Nes, Sogndal IL. Dei sprang opp fjellet på 72,10 og 72,16. På andre og tredje plass i kvinneklassen kom Ingunn Schei, Ås IL, og Hilde Håkenstad, Roterud IL. Dei brukte 93,06 og 94, 58 minutt.