21.05.2012

Selje

Selje (Foto: Stig Silden)

For andre gong skal Selje har direkteval på ordførar, og alle listetoppane kjenner seg kalla.

 

Selje

Kommunevåpen Selje

Folketal pr. 1.7.11: 2 820

Kommunestyret har 17 medlemmer

Ordførar: Gunn Helgesen (Krf) - direkteval

Varaordførar: Ottar Nygård (Ex Ap.)

Lister ved kommunevalet 2011:

Arbeidarpartiet

Framstegspartiet

Høgre

Kristeleg Folkeparti

Senterpartiet

Tverrpolitisk liste

Venstre

Kommunestyret 2007-2011

Ap (4)

Folkeleg Fellesliste (1)

Frp (4)

H (3)

Krf (3)

Sp (2)

Selje var for fire år sidan einaste kommunen i Sogn og Fjordane som deltok i prøveordninga med direkteval av ordførar. Det resulterte i klår siger for sitjande ordførar Gunn Helgesen (Krf) I år stiller ho til val igjen. Men ho får konkurranse av dei fem andre listetoppane.

Kandidatane

  • Eli Eide Årevik (Ap),
  • Richard Eide (Folkeleg Fellesliste),
  • Svein Hansen (Frp),
  • Nils Per Sjåstad (H),
  • Ingmar Solvåg (Sp)
  • Gunn Helgesen (Krf)

Å spå utfallet er umogeleg, men sitjande ordførar har alltid ein fordel, og for fire år sidan slo ho sentrale politikarar som Åge Starheim (Frp) og Liv Stave (H).

Eit spenningsmoment er kor stor oppslutning sjukehusaksjonistane sin slugger i Nordfjord, Svein Hansen, kan samle.

Valordninga i Selje er slik at det berre er ordføraren som vert vald direkte. Varaordføraren blir vald på vanleg måte av kommunestyret. Dette skil seg frå ordninga dei har valt i Vågsøy. Der er det den direktevalde ordføraren som sjølv plukkar ut kven han vil ha til varaordførar.

Må kutte i budsjett

Selje er ein av dei sju kommunane i fylket som framleis står på fylkesmannen si Robek-liste. Dei har ikkje økonomi til å dekke inn det oppsamla underskotet innan to år som reglane krev.

Dermed må politikarane gjennomføre den tradisjonelle hestekuren der skular, sjukeheimar og andre tilbod til innbyggarane kjem i faresona. Selje er velkjend med dette, men må gå nye runder og har tema for mykje markering i ein valkamp.

Selje - kommuneval

 ApSVSPKrFVHFrPAndre
199519,53,711,014,04,130,4 17,4
199915,4 5,520,43,022,313,519,9
200327,1 10,518,3 11,019,213,9
200722,3  -13,419,0   -17,421,8  6,1