Hopp til innhold

– Nettsamfunn fordummar politikken

Dei nye sosiale media gjer den politiske debatten fordummande. Det seier valforskar Anders Todal Jenssen. Det er alt for fort å leggje ut noko før ein får tenkt seg om.

Twitter

Illustrasjon

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Samferdsleminister Liv Signe Navarsete meiner røyster til FrP er eit «sjølvmordsprosjekt» for bygda. I nettforumet Twitter svarer generalsekretær Geir A. Mo frå Lærdal at han burde titulert ministeren som ein «mordar».

– For valdsamt

Politikarane bør halde seg for gode for ein slik retorikk, meiner Todal Jenssen.

– Overdrivingane vert for store. Språkbruken blir for valdsam. Folk blir veldig lite klokare i forhold til kva det eigentleg kranglast om.

Eit «sjølvmordsprosjekt», kalla samferdsleminister Liv Signe Navarsete det, å stemme på FrP, då dei raudgrøne la fram sin seiersoppskrift før stortingsvalet.

Generalsekretær Geir Almåsvold Mo i FrP reagerte raskt på si side på nettforumet Twitter. «Skulle jeg lagt meg på samme nivå burde jeg vel titulert henne som morder som ikke sørger for bedre veier i hjembygda en gang...», skreiv han.

– Legg ikkje band på seg

Det er ikkje bra, seier valforskar Todal Jenssen.

– Det er snakk om uredigerte medium. Og det gjer at folk ikkje legg band på seg på same vis som dei ville gjere viss dei stod ovanfor profesjonelle journalistar. Dei nye media får ofte ein skarpare tone.

Men bodskapen kjem godt fram på Twitter, meiner Almåsvold Mo.

– Dei som les meldinga mi på Twitter ser heilskapen i det. Det eg gjer er å gjenta kva Liv Signe Navarsete seier, og gi uttrykk for at dette er politisk uanstendig og flåsete.

Geir Almåsvold Mo på Twitter

– Angrar

Navarsete seier ho angrar på ordbruken. Ho trur politikarar må passe seg for for sterke karakteristikkar på ulike nettforum.

– Det kan nok vere lettare når du sit for deg sjølv på Twitter eller eit anna medium å skrive ein ting ein ville tenkt seg om før ein sa. Men uansett er det jo i det offentlege rom. Så eg trur at vi alle saman står oss på at ein tenkjer gjennom på kva ord vi brukar, seier ho.