Hopp til innhold

- Så dårleg kan asylpolitikken gå

Statsråd Heidi Grande Røys (SV) gjev regjeringskollegaene skulda for ein elendig asylpolitikk - og skulda for at ni år gamle Simon vert kasta ut av Norge.

SV tok avstand frå dei to andre partia sin innskjerping i asypolitikken i fjor. Dermed måtte AP og SP søkje støtte hjå FrP og Høgre.

DEBATTER: KVA MEINER DU OM SIMON-SAKA?

- Politikken til desse fire partia, fører til at Simon blir sendt ut av landet, seier Heidi Grande Røys.

Feil å sende ut

Grande Røys rosar folkeengasjementet i Florø for å få Simon (9) og far hans Fkade heim. Mellom 2 500-3 000 underskrifter er samla inn for å overbevise regjeringa om at utsendinga av dei er feil. Grande Røys er stolt over engasjementet og er klår på at partiet vil ha ni år gamle Simon og faren heim.

- Og det kan regjeringa gjere noko med, seier Røys og er kritisk til korleis saka er handsama.

- Tek ikkje omsyn til born

SV tok såkalla dissens i saka då Ap og Sp ville strame inn asylpolitikken. Dermed gjekk partia til Frp og Høgre for å få gjennomslag. Det fekk dei. Ho meiner eksempelet med Simon viser kor dårleg den kan slå ut.

- Ein tek ikkje lenger omsyn til born, til flyktningkonvensjonar eller FN-organet UNHCR sine råd. Det blir konsekvensen då. SV er grundig og 100 prosent i mot det, held ho fram.

- Eg vil til Norge

Simon (9) vart sendt ut av Norge

Sterke scener då eritreiske Simon måtte reiser frå vener og klassekameratar i Florø i slutten av august.

Foto: Dag Frøyen, Firdaposten

I 18 månadar hadde Simon og far hans Fkade Thaye Florø som heimby. Like lenge venta dei på at asylsøknaden skulle handsamast av Utlendingsdirektoratet og Utlendingsnemnda. No held dei til under open himmelen i italienske Bari og ynskjer seg attende til Florø og venene.

- Eg vil ikkje byrje på nytt i Italia. Eg vil tilbake til Norge, seier Simon på telefon. Advokaten til Simon og Fkade, Roland Kjellddal, meiner dei er slett behandla av UNE .

- Simon skal heim

Grande Røys trur engasjementet i Florø kan vere avgjerande for at det kan skje.

- Dette er det andre ansiktet i asylpolitikket, som så alt for lite kjem fram. Simon skal heim, og folkeaksjonen er med på å få det til, seier ho og får støtte frå fleire hald. Fleire politiske parti har reagert på måten Simon og Fkade er handsama på.

Andersen: - Uhøyrt

Mellom anna Kristeleg folkeparti, Høgre, Venstre, og no SV, krev at inkluderingsminister Dag Terje Andersen (Ap) kjem på bana . Men han meiner at han ikkje kan gjere noko i konkrete enkeltsaker.

LES OGSÅ: Opnar for omkamp om Simon (9)

- Det vil vere heilt uhøyrt at eg som minister seier at personar skal vere i eller utanfor landet. Alle skal handsamast likt og etter det same systemet, seier han.

Glad saka kjem opp

Simon (9) vart sendt ut av Norge

Sterke scener då eritreiske Simon måtte reiser frå vener og klassekameratar i Florø i slutten av august.

Foto: Dag Frøyen, Firdaposten

Statsråden frå SV er glad for at saka kjem opp like før valet fordi veljarane endeleg får sjå kva asylpolitikk som vert ført i Norge, og kva konsekvensar det får. Grande Røys seier Simon ikkje er åleine.

I følgje tal frå UDI var per første august 2009 777 born som måtte reise ut av landet. 248 av desse har likanande historie som Simon der politiet var involvert i utsendinga sidan første januar i år. Dette er stort sett barn som er sende heim saman med foreldra. Dei er ikkje einslege barn.

Kan påverke

Grande Røys meiner at inkluderingsministeren kan påverke i slike saker.

- Formelt sett kan han sikkert ikkje det, men dersom ein frå politisk nivå markerer at ein kanskje bør byrje å sjå på saka igjen, så har dei øyre både i UNE og i UDI også. Det betyr at dersom ein minister ynskjer å sjå på saka igjen, til dømes utifrå flyktningkonvensjonen, så gjer dei det, seier ho.