Skilletoppknapp fylkesleksikonSkilleNynorsk mediesenter GUL logo toppknapp 115pSkilleLokalradio på internett toppknappSkille_slutt
Sogn og Fjordane toppbanner 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Ymse Sist oppdatert 14:11
NRK Sogn og Fjordane
Boks 100,
6801 FØRDE
Tlf: 57 72 42 42

Nordfjordkontor: 57 86 08 01 Sognekontor: 57 67 58 10

Distriktsredaktør:

Nettansvarlege:

 
Kunstnett

Bumerket til NRK Sogn og Fjordane

Vi valde fjordhesten som motiv for bumerket vårt - eller "logo" som det heiter no til dags. Heile Sogn og Fjordane kjenner fjordhesten som sin og resten av landet set han i samband med fylket vårt.

Publisert 09.08.2000 11:45. Oppdatert 26.01.2004 09:37.
SE OGSÅ:
Fjordingen har vore eit av kunstnaren Ludvig Eikaas sine mest sentrale motiv. Difor ba vi han om å teikne bumerket vårt. Det gjorde han sommaren 1992, og på collagen "Ein logo blir til" kan du sjå utkasta som måtte til før både Eikaas og vi var nøgde.

Ludvig Eikaas gav hesten vår namnet "Kvamshesten". Han er oppkalla etter fjellet med same namn i Gaular. Mangeårig leiar av Norsk Fjordhestlag, Jon Hegdal, gav hesten vår denne karakteren i lokalavisa: "Det er ein sterk hest, på veg framover, men han ser ut til å ha problem med motvinden. Det lyser likevel pågangsmot og innsatsvilje. Dette er ein hest som ikkje vil bli styrd, og som vil bestemme fart og kurs sjølv", sa Hegdal.

Ved inngangen til NRK Sogn og Fjordane heng hesten laga i smijern av knivsmeden Inger Tragethon, frå Geilo. Han er smidd, etter Eikaas si teikning, i stallen på Bjerke Travbane i Oslo. Der vart han avduka av kringkastingssjef Einar Førde 18.august 1993.

Smijernsutgåva av bumerket vårt var ei gåve frå NRK i høve opninga av det nye tilbygget 28.august 1992. Hesten vart levert her på dagen eitt år etterpå, og avduka av Jon Hegdal 30.september 1993, med Inger Tragethon til stades. Ho hadde i det høve komponert ein toraderlåt til Kvamshesten.

Ludvig Eikaas

Madserud alle 12. 0268 Oslo

Fødd: 20.desember 1920, Jølster.

Utdanning:
Kunst- og handverkarskulen, Statens Kunstakademi og Kunstakademiet i København.

Utstillingar:
Debuterte på haustutstillinga i 1946 og har sidan den tid hatt mange utstillingar i inn og utland. 1970 professor ved Statens Kunstakademi.

Innkjøpt:
Nasjonalgalleriet, Riksgalleriet, Bergen Billedgalleri, Fylkesgalleriet i Sogn og Fjordane, Statens Museum for Kunst i København, Brooklyn Museum of Art, USA

Utsmykkingar :
Biletteppe i Haakonshallen, Dekorasjonar i kapellet på Rikshospitalet, Bronseskulptur Vegvesenet i Oslo, Utsmykking adm.bygget Longyearbyen Svalbard, Stor frise på Findus bygget i Oslo, Sentralsjukehuset i Sogn og Fjordane

Eikaas i Sogn og Fjordane:
På Ålhus i Jølster finn du Eikaas-galleriet med 100 originalarbeid som Eikaas gav til heimkommunen i 1990, mot at det vart bygt eit galleri med atelier. Opna i 1994. Eikaas tok i bruk atelieret sommaren 1998.

I 1992 laga han bumerke (logo) til NRK Sogn og Fjordane, og den flotte fjordingen kan du sjå i smijern ved inngangen til NRK Sogn og Fjordane. Smijernsutgåva er laga av Inger Tragethon.

Ved inngangen til Sentralsjukehuset i Sogn og Fjordane er det eit stort veggmåleri av Eikaas, og utanfor posthuset i Førde står steinskulpturen "Hest i motvind", eit av Eikaas sine mange monumentale arbeid. På hamna i Florø står "Fiskarguten" utført i smijern av Inger Tragethon. Du kan og sjå mykje Eikaas-kunst på Husgalleriet Casa Blanca i Hyen, drive av sonen Stig Eikaas.

Annan kunst av Eikaas på NRK Sogn og Fjordane:

"Kvamshesten"

Ludvig Eikaas har også laga eit tresnitt av "Kvamshesten", i blått på japansk rispapir. Det er trykt i 50 eksemplar og vert nytta som premie i den årleg "Språkprisen" internt i NRK Sogn og Fjordane. Tresnittet vart laga i 1995. (Sjå "Kvamshesten"
av Ludvig Eikaas
)






"Fanitullen i Ni-timen"

Dette er eit prøvetrykk som NRK Sogn og Fjordane fekk i 1990, i samband med eit portrettintervju med Eikaas i høve 70-årsdagen hans. "Fanitullen i Ni-timen" er laga som premie for NRK-programmet Ni-timen. (Sjå "Fanitullen i Nitimen"
av Ludvig Eikaas
)


"Jeg"

Dette er eitt av Ludvig Eikaas sine mange sjølvportrett. Ei gåve til NRK Sogn og Fjordane i 1994. (Sjå "Jeg"
av Ludvig Eikaas
)

Bøker om og med Eikaas:

- Eikaas i 80. Festskrift til Ludvig Eikaas sin 80-årsdag Mange forfattarar. Eikaasgalleriet/SKALD 2000
- Stig Eikaas: Ludvig i 80 streker signert av Stig.2000
- Øystein Wingaard Wolf: Sangen til Ludvig. Sofista forlag 2000.
- Anne Cecilie Kapstad:"Kongens sendebod", boka om Audun Hugleiksson. Illustrert av Ludvig Eikaas. 2000
- Per Arneberg: EIKAAS. Haakan A. Christensens Forlag. 1968.
- Jahn Otto Johansen: LUDVIG EIKAAS. Stenersens forlag 1981
- Ludvig Eikaas: "Innenfor sirkelen", Gyldendal 1983
- Ludvig Eikaas - tresnitt. Henie-Onstad Kunstsenter 1990
- Inger Tragethon: Portrett av Ludvig Eikaas, Grøndahl 1990
- Illustrerte Henrik Ibsens samlede verker. Den Norske Bokklubben 1991
- Ludvig Eikaas og Herbjørn Sørebø: Fløytelåt, Det Norske Samlaget 1996




 
10 SISTE NYHENDE FRÅ NRK SOGN OG FJORDANE
Send ei platehelsing med NRK Sogn og Fjordane
5 SISTE SPORT FRÅ NRK SOGN OG FJORDANE
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no