skilleVæret i Finnmark enkelskilleSendingeneskillewww.euroarctic.comskille_slutt
Troms og Finnmark 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Troms og Finnmark > Finnmark Sist oppdatert 14:31
 

Serverte kloakk som drikkevatn

Kautokeino kommune serverte kloakk som drikkevatn. Ill.foto: Scanpix
Kautokeino kommune serverte kloakk som drikkevatn. Ill.foto: Scanpix
Folk i Kautokeino fekk servert kloakkvatn som drikkevatn. Kommunen visste om det, men lét vere å melde ifrå.

Publisert 16.03.2006 13:38. Oppdatert 16.03.2006 20:41.
Av Kent Valio og Inger Johanne Sæterbakk

Kommunelege 1 i Kautokeino, Øyvind Vannbakk er ikkje i tvil om at bakteriane som nyleg vart funne i drikkevatnet, stammar frå avføring.

– Det er anten avføring frå dyr eller menneske, opplyser Vannbakk, som seier at ei slik forureining kan vere farleg. Han liker ikkje at Kautokeino kommune serverer kloakk til innbyggjarane.

Varsla ikkje

Kommunen trur at kloakken har blanda seg med drikkevatnet i samband med utskifting av røyr. Teknisk sjef i Kautokeino, Sten Olav Hætta, seier til avisa Minaigi at fråvêr var grunnen til at kommunen ikkje varsla i frå om dette.

- Det vart forsåvidt varsla til helsestyresmaktene, men det vart ikkje sett i verk koking, då prøven viste seg å vere negativ, seier Hætta til NRK i dag.

Fleire funn

I følgje eit brev Mattilsynet har sendt til Kautokeino kommune, har det blitt funne bakteriar frå avføring ved fire tilfelle etter einannan. Distriktssjef i Mattilsynet, Vibeke Elvenes, synst det er heilt uakseptabelt at kommunen ikkje varsla i frå om dette.

– Det er viktig at kommunen melder i frå, for folk kan jo bli sjuke av vatnet, seier Elvenes.

Kommunen har plikt til å varsle om slike saker, men Mattilsynet vil ikkje melde dei til politiet for ikkje å ha varsla i dette tilfellet. Vatnet i Kautokeino skal no vere reint igjen.


Toppsakene fra NRK Troms og Finnmark
 
SISTE SAKER
Flere saker
NYHETSBREV PÅ E-POST

Få de viktigste nyhetene fra Troms og/eller Finnmark tilsendt på e-post – helt gratis!
Nyhetsbrev fra Nordnytt!

 
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no