Hopp til innhold

Ulovleg søppelnekt

Streiken til renovatørane i Trondheim renholdsverk var ulovleg og er avblåst.

Søppelbil, Trondheim Renholdsverk
Foto: Stein Lorentzen / NRK

Renovatørane streika fredag føremiddag fordi dei tilsette fekk utbetalt ulik lønn for same arbeid i februar.

- Det har blitt utbetalt ulik lønn til gutane som har gjort akkuat samme jobben, seier leiar av Renholdsverkets Arbeiderforening, Roar Fjeldsæter, til NRK Trøndelag.

Det var fagforbundet sentralt som slo fast at aksjonen var ulovleg.

Uheldig feil

Renovatørane i Renholdsverket fekk i dag tidleg lønnslippane sine for februar. Dei viste at enkelte sjåførar hadde fått meir enn andre for å ha køyrd akkurat same strekninga.

- Dette er veldig uheldig med tanke på den situasjonen vi har vore i i fleire veker. Det siste styremøtet i Renholdsverket skal haldast på førstkomande mandag og så skjer dette frå administrasjonen si side og det er uheldig, seier Fjeldsæter.

Dårleg stemning

Styreleiar i Renholdsverket Roar Arntzen innrømmer at det har skjedd ein feil i utbetalingane for februar.

Korleis er stemninga i Renholdsverket når dette kjem på toppen av lønskonflikten som ikkje er løyst?

- Den er ikkje betre, seier Arntzen.

Vil ha orsaking

Partane er no samde om at alle tilsette får bonus i februar og går ned til grunnlønn i mars.

Roar Fjeldsæter i Renholdsverkets Arbeiderforening krev også at sjåførane får ei orsaking for feilen som har skjedd i dag.

- Vi køyrer ut bilane straks transportsjefen har vore hos gutane og gjort greie for kva som har skjedd og sagt seg lei for det, seier Fjeldsæter.