Hopp til innhold

Ingen oversikt over rasfarlege område

Norske styresmakter har ingen oversikt over rasfarlege område i Noreg.

Ras Namsos
Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Fredag kveld sat ekspertar i krisemøte i Oslo for å finne ut kvifor det gjekk eit stort leirras i Namsos.

- Vi var ikkje kjent med at det var kvikkleire i dette området, seier Agnar Aas som er direktør i Norges vassdrags- og Energidirektorat til NRK.

Video: Direkte fra Gullholmstranda
Video: Ras Namsos

Flaks at det ikkje gjekk liv

Like før klokka 1200 fredag gjekk det eit 150-200 meter breidt leirras ved Gullholmstranda i Namsos. Sju bustader og fleire hytter blei tatt av raset.

Politiet søkte, både på land og i sjøen, i fleire timar med helikopter og ved hjelpa av hundar. Sju personar blei redda ut av rasområdet med helikopter.

Årsaka til raset er ikkje klar, men det var vegarbeid og sprenging i området og Vegvesenet hadde fått ein geoteknisk rapport om at grunnen var ustabil.

Les også: Varslet Vegvesenet om ustø grunn

Laurdag morgon klokka 0700 vil geologar vere på plass på rasstaden.

- Geologane skal finne mulege årsaker til kvifor dette skjedde og om det er muleg å gjere noko strakstiltak, seier Aas.

Manglar oversikt

Norges vassdrags- og energidirektorat fekk frå nyttår i oppgåve å kartlegge alle rasfarleg område i landet. Dette er eit arbeid dei har tatt fatt på, men som dei ikkje er komme i land med.

- Desse områda med kvikkleire ut mot sjøen må vi sjå på og finne ut om dei er godt nok kartlagt, og viss dei ikkje er det, må vi få gjort det, seier Aas.

Redningsaksjonen blei avslutta ved 17-tida etter at det blei klart at ingen personar var meldt sakna.

Les også: Avsluttet redningsaksjonen
Les også: Ras i området tidligere

Ras Namsos
Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX