Hopp til innhold

Noregs eldste bru?

Brurestar i vatnet under Elgeseter bru i Trondheim kan vere spor etter den eldste brua i Noreg. I dag var første analyse klar.

Video nsps_upload_2009_8_27_17_57_8_82.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

På måndag stupte marinarkeologane ut i Nideleva for å undersøkje dei gamle brurestane som ligg her.

At restane ligg der har vore kjent i alle år, dei er delvis synlege på lågvatn. Men no kan det undersøkjast kor gamle dei faktisk er.

I dag fekk dei resultatet av den første prøva og stokken var frå mellomalderen, frå mellom 1260 og 1270.

- Ein må dessverre øydeleggje litt for å finne ut nok noko i arkeologien, så vi gjer det så forsiktig som mogleg, seier marinarkeolog ved NTNU Vitenskapmuseet Morten Sylvester.

Testane tydar på at det er den gamle mellomalderbrua dei har funne restane av. Fleire så gamle dateringar ei næraste dagane kan bety at det er dei eldste restane av ei bru i Noreg som ligg her.