Hopp til innhold

KrF vil ha full barnevernsdekning

– Vi har svikta barnevernsbarna, meiner Kristeleg Folkeparti som vil ha full barnevernsdekning innan 2017.

Barnevern

Barnevernsbarn

Foto: Scanpix / SCANPIX

Partiet går inn for ein opptrappingsplan som skal sikre at barna får den hjelpa dei treng.

Den ytterste konsekvens innan barnevernet er at staten går inn og tek over ansvaret for ungane frå foreldra.

– Det er eit enormt ansvar å ta på seg og når vi i ettertid kjem og seier at vi har ikkje nok ressursar til å gi dei det tilbodet dei treng, så er det eit svik, seier Øyvind Håbrekke, som er Kristeleg Folkepartis stortingsrepresentant frå Sør-Trøndelag til NRK.

«Ingen vil ha meg»

Når foreldre sviktar, skal barnevernet sørgje for at barna får omsorg og tryggleik. Men, det går ikke alltid slik:

– Det er ingen som vil ha meg, for det er jo slik vi føler det. Skal eg få bu her, eller får eg ikkje bu her. Er det noko vits i å bli med dei på ferietur, slik at eg blir endå meir kjent, glad i og knytt til dei. Tør eg det?, seier ei av dei som fortalte om sine opplevingar i fosterheim i ein Brennpunkt-dokumentar i haust.

Full barnevernsdekning

I dag legg KrF fram forslaget sitt i Stortinget om full barnevernsdekning.

Det inneber nok plasser i fosterheim og institusjonar, styrking av det kommunale barnevernet, nok tilsynsførarar og rett til ettervern fram til 23 år.

– Vi er veldig positive til at KrF fremmar forslag om å styrke barnevernet. Om det skal skje i form av ein opptrappingsplan på lik linje med barnehagar og sjukeheimar, er litt for tidleg å seie. Vi må ta ein skikkeleg diskusjon på det, seier Arbeiderpartiets familiepolitiske talskvinne, Gunn Karin Gjul.

– Tida er overmoden for eit tverrpolitisk løft for barnevernet, legg KrFs Øyvind Håbrekke til.