Hopp til innhold

Bli med på meteorjakt

Viss du er heldig, vil du oppleve ein meteorstorm på himmelen mellom klokka 2200 og 2300 i kveld.

Meteorsvermen Leonidene

Du kan oppleve meteorsvermen Leonidene i kveld.

Foto: Arne Danielsen / NRK

NRK gjer eit forsøk på å fange meteorstormen direkte på kameralinsa.

Direkte: Følg jakten på meteorsvermen

På plass i soveposen

På Dragvoll i Trondheim har ein gjeng entusiastar samla seg i håp om få sjå meteorstormen som er varsla.

– Trikset er å krype ned i soveposen på ei campingseng, dette har eg gjort før og er god og varm. Hadde det også blitt aktivitet på himmelen blir dette artig, seier Birger Andresen, som er leiar i Trondheim astronomiske forening.

Han legg til at han har sjekka prognosane.

– Er vi heldige får vi sjå ein annankvart minutt.

– Det kan bli eit uvanleg kraftig meteorutbrot. Vi veit ikkje nøyaktig kor kraftig det blir for estimata har variert frå 200-300 stjerneskot til 1 500 i natt, sa ein entusiastisk astrofysikar, Knut Jørgen Røed Ødegaard til NRK tidlegare i dag

Mest mellom 2200 og 2300

Den årlege hendinga blir kalla Leonidene og du ser den truleg best i USA og Asia i år.

For å sjå meteorstormen aller best her i landet, bør du komme deg ut frå områder der husa står tett og det er mykje lys. Du bør også venne augene til nattsyn i god tid før meteorutbrota kjem.

- Vi ventar flest meteorar mellom klokka 2200 og 2300 i kveld. Dei kjem opp i nordaust. Viss du er på ein mørk stad og er litt tolmodig, så vil kven som helst sjå dette, understrekar Ødegaard.

Han legg til at det ikkje er nødvendig å bruke kikkert for å sjå meteorutbrotet.

Ifølgje verprognosane er det folk som bur frå Møre og Romsdal og nordover som vi sjå mest meteorutbrotet best. Men skyer gjer at folk kan bli skuffa.

Høyr på radioen

Sjølv skal Knut Jørgen Røed Ødegaard vere på Harestua på eit arrangement.

– Vi har utstyrt oss med ein radio slik at vi kan lytte til stjerneskota. Om ein lyttar på fjerne radiostasjonar, så blir dei påverka av stjerneskota og vil sprake. Vi er litt på eksperimentstadiet, men det gjeld å stille inn på ein fjern kanal, seier han.

Skal de feire viss det blir bra?

– Vi skal juble med kometvatn om det blir spektakulært.

Strykande meteorar

Stjerneskota kjem til å fare i ein enorm fart tvers over store delar av himmelen og lage haustens største astronomiske hending.

Ifølgje astrofysikaren er det også svært gunstige vertilhøve for meteorstormen, sidan det ikkje er noko måne i kveld.

Det går mange år mellom kvar gong det er muleg å oppleve eit tilsvarande meteorutbrot.

– Vi får nok færre stjerneskot enn estimata seier, men dei stjerneskota som kjem vil fare over himmelen som såkalla strykande meteorar, seier Ødegaard.

Historien bak

Ifølgje NRK-bloggen til Knut Jørgen Røed Ødegaard er dette bakgrunnen til kveldens meteorstorm.

Kometer tilbringer det aller meste av tiden svært langt fra Solen og i intens kulde. Når kometene en gang i blant kommer innover mot det indre av Solsystemet forårsaker solvarmen at is og frosne gasser på kometkjernen fordamper, blåser ut i rommet og danner kometens hale. Partiklene i halen danner et bånd som går rundt Solen langs kometens langstrakte bane. Dersom Jorden passerer gjennom et av disse, vil mange partikler komme inn i atmosfæren og brenne opp. Sett fra bakken får vi en meteorsverm, eller en meteorstorm dersom minst 1000 meteorer opptrer på en time. Svermen som kommer 17. november er årviss og kalles Leonidene.

Frå Knut Jørgen Røed Ødegaards NRK-blogg