Hopp til innhold

Naboar i sjokk etter studentdrap

Naboar er i sjokk etter at ei 29 år gamal kvinne er funnen drepen i ei studentblokk i Trondheim.

Maren Solheim Eid og Inge Storkaas Røysland

Maren Solheim Eid og Inge Storkaas Røysland.

Foto: Stian Arnesen / NRK

– Dette er uverkeleg og slikt som ein berre opplever på film. Det å tenkje på at vi stod og laga frukost og at nokon samstundes blir drepen i etasjen over er surrealistisk, seier Inge Storkaas Røysland til NRK.

Han bur saman med Maren Solheim Eid i første etasje i studentblokka der ei kvinne blei funnen drepen i går føremiddag.

Mann sikta for drapet

Den 29 år gamle kvinna blei funnen drepen i leilegheita si på Kalvskinnet i Trondheim sentrum i går klokka 1300.

Politiet leitte etter ein 24 år gamal sakna mann, då dei fann kvinna i studentbustaden. 24-åringen er no sikta for forsetteleg drap på 29-åringen.

Begge er studentar i Trondheim. Den drepne kvinna er ikkje heimehøyrande i byen.

24-åringen blir avhøyrd

Den 24 år gamle mannen blir avhøyrd av politiet klokka 1400 i dag. Han er no innlagt ved St. Olavs Hospital og blir truleg framstilt for varetektsfengsel i morgon.

Politiet veit ikkje dødsårsaka eller når kvinna blei drepen. Dei har gjennomført rundspørringar i nabolaget der 29-åringen og 24-åringen budde.

– Vi har vore i politiavhøyr, men berre kort, seier Maren Solheim Eid.

Korleis er det å bu her no?

– Det blir litt rart å bu ein stad der nokon har blitt drept, men det vil vel ikkje påverke oss altfor mykje, seier Storkaas Røysland.