Hopp til innhold

Tente lys for drepen studieveninne

Studievennane til den drepte Linn Sandtrøen (29) møttes i søndag kveld i Bakke kirke i Trondheim for å sørgje saman.

Toril Kremmervik tenner lys for si døde studieveninne.

Toril Kremmervik tente søndag kveld lys for si døde veninne Linn Sandtrøen.

Foto: Tor Aage Hansen / NRK

- Det er veldig godt å å ha ein plass å samlast for masterstudentane. Studiane er slik at vi er veldig spreidd og difor er det viktig å kunne møtast ein plass, seier Toril Kammervik til NRK. Ho har studert saman med Linn Sandtrøen i mange år og kjente ho veldig godt.

Samtale og musikk

Minnestund for Linn Sandtrøen i Bakke kirke

Eit langbord var pynta med lys i Bakke kirke for å minnast Linn Sandtrøen.

Foto: Tor Aage Hansen / NRK

Linn Sandtrøen blei funnen drepen i eit studenthus i Trondheim torsdag føremiddag. Ho studerte musikkvitenskap ved NTNU i Trondheim.

Linn Sandtrønen vaks opp i Bodø og gjekk på skule der fram til ho var ferdig på vidaregåande. Etter planen skulle ho vere ferdig med mastergraden ved NTNU til sommaren.

Søndag kveld heldt Bakke kirke på Møllenberg ope frå klokka 1900 og utover kvelden for å minnast Linn. Inne kyrkja var eit smalt langbord tent med blå telys. Studentane som hadde tatt turen til kyrkja sat heilt stille og lytta til orgelmusikk.

- Det er første gongen vi opplever dette og det er vanskeleg å vite korleis ein skal takle det. Alle kjensler er normale når noko slikt skjer. Vi er der viss folk har lyst å snakke med nokon, seier studentprest Birte A. Gresseth til NRK.

Drepen av nabo

Linn Sandtrøen blei funnen drepen i leilegheita si på Kalvskinnet i Trondheim torsdag rundt klokka 1300.

Politipatruljen som kom til åstaden skal ikkje ha vore i tvil om at det handla om eit drap. Ein 24 år gamal mann blei tatt av politiet nokre timar seinare og sikta for drapet. Han blei varetektsfengsla i fire veker laurdag.

Ifølge den sikta mannen sin forsvarar, advokat Christian Wiig, har ikkje hans klient noko forklaring på kvifor han gjorde det han gjorde.

Roleg og omtenksam jente

Linn Sandtrøen blir av medstudentane skildra som ei stille, roleg, veldig omtenksam jente som var svært glad i dyr.

Minneside for Linn Sandtrøen

Mange minnast Linn på Facebook.

Foto: NRK

Då Toril Kammervik fekk vite at studentveninna gjennom mange år var funnen drepen i studentbustaden, sin oppretta ho ei minneside på Facebook der alle studentane kunne minnast Linn.

I dag har gruppa nærarer 1 700 medlemmar.

- Eg er overvelda over responsen. Mastermiljøet er så lite, så vi har alle vore veldig nær knytt til kvarandre, fortel Kammervik.

Spesiell semesterstart

Semesteret startar på NTNU i morgon tidleg. For medstudentane til Linn Sandtrøen blir det ei litt spesiell førelesing.

– Første førelesing startar med at kriseteamet til NTNU informerer medelevane om det som har skjedd. Det skjer klokka 1000, seier Trond Singsaas som er leiar for kriseteamet til NRK.

Han seier at det ikkje har vore så mange telefonar til universitetet, men at folk viser sitt engasjement og bryr seg via gruppa som er oppretta på Facebook.

– Ta vare på kvarandre

Rektor Torbjørn Digernes seier til NTB at NTNU vil gjere alt dei kan for å stille opp for studentar og tilsette i den tunge tida dei no er inne i.

– Dette er det verste som kan ramme eit universitet. Eg veit at det er mange medstudentar som no er i sjokk og sorg, og eg vil seie til dei: Ta vare på kvarandre! seier han til NTNU si heimeside.

– Det er ingen tvil om at denne djupt tragiske hendinga vil prege semesterstarten i fomr av sorg og ettertanke. Det gjeld både for meg som rektor, og for studentar og tilsette, seier Digernes