Hopp til innhold

Sekund frå å bli treft av løpsk tog

Fembarnsfar Jan Ivar Thue var berre sekund frå å bli treft av eit løpsk godstog på Piren i Trondheim i natt.

Jan Ivar Thue

Jan Ivar Thue hadde englevakt som ikkje blei truffen av godstoget.

Foto: Tor Aage Hansen/Montasje: Kristin Agerlie / NRK

– Eg har tenkt litt på det på veg oppover til Røros. Kva om eg hadde komme 30 sekund eller eitt minutt seinare. Eg bruker ikkje å kikke så mykje til venstre i rundkøyringa, seier Jan Ivar Thue i Thues transport til NRK.

Tog midt i vegen

Jan Ivar Thue køyrer for DHL-transport. Kvar natt går turen innom Piren i Trondheim for hente last som han fraktar til Røros.

I natt blei turen litt annleis enn han er vant til og han fekk seg ei overrasking då han kom til området.

– Eg blei litt undrande og kikka meg rundt. Toget skulle ikkje vere der. Det stod inn i lagerbygningen, seier Thue.

(Artikkelen held fram under bildet)

Godstog sporet av Piren i Trondheim

Ingen blei skadd då godstoget spora av i natt.

Foto: Tor Aage Hansen / NRK

Braste inn i lagerbygg

Klokka 03.08 fekk politiet melding om at eit godstog hadde køyrd inn i eit lagerbygg. Toget rulla 100 meter frå der jernbanesporet slutta før det traff lageret.

Avsporinga skjedde under arbeid med kontainarar på eit godstog.

– Toget køyrde gjennom eit gjerde, over ei rundkjøring, og inn i eit lagerbygg ved innkjøringa til Pirbrua i Trondheim havn, seier operasjonsleiar Bård Jacobsen ved Sør-Trøndelag politidistrikt til NRK.

Ingen personar blei skadd i avsporinga.

Hadde englevakt

Jan Ivar Thue stoppar kvar natt for å fylle diesel før han køyrer til Piren for å hente lasta.

Denne natta tok han seg også tid til å logge ut maskina han scanner varene med mens han stod i ro på bensinstasjonen.

– Eg bruker å gjere dette på veg til Piren. Ofte i eit lyskryss mens eg venter på grønt signal. Dette tek mellom 30 og 60 sekund, men akkurat i natt gjorde eg det mens eg stod i ro og det er eg glad for no, seier Thue.