Hopp til innhold

Mann køyrde i fjellveggen

Ein mann i midten av tjueåra er sendt til St. Olavs Hospital etter at han køyrde i fjellveggen i Helltunnelen.

Trafikkulykke Helltunnelen

Mannen kom køyrande frå Stjørdal i retning Trondheim då ulykka skjedde.

Foto: Tor Aage Hansen / NRK

– Mannen var ved medvit då han blei køyrd til sjukehus, men skadeomfanget er førebels ikkje kjent, seier innsatsleiar på staden, Thor Inge Aas ved Nord-Trøndelag politidistrikt til NRK.no klokka 22.00 laurdag kveld.

Tre gonger i veggen

Politiet fekk melding om ulykka klokka 21.03.

– Det har komme ein bil frå Stjørdal i retning Trondheim. Ifølge vitne skjena sjåføren over vegen og inn i eit betongelement. Han fekk sleng og køyrde i fjellveggen på motsatt side, før han igjen blei kasta tilbake og traff fjellveggen på andre sida, seier Aas.

Ulykka skjedde 750 meter inn i tunnelen på nordsida.

– Vedkommande var åleine i bilen. Vi fekk først melding om køyretøyet hadde tatt fyr, men det viste seg å ikkje stemme, legg Aas til.

Tunnelen stengt

Tunnelen blei stengt for trafikk då ulykka skjedde. Det var omkøyring på gamlevegen.

Klokka 22.00 var bilen taua bort og politiet dreiv med opprydding på ulykkestaden.

– Tunnelen vil vere stengt til oppryddingsarbeidet er ferdig. Vi reknar med at det ikkje tek så lang tid, og at vi kan opne tunnelen for trafikk igjen rundt klokka 23.00. Det er muleg det vil vere nedsett fart då, sa Aas til NRK.no klokka 22.00.

Vegen opna for trafikk igjen rundt klokka 22.45.

Trafikkulykke Helltunnelen

Bilen blei taua bort kort tid etter ulykka.

Foto: Tor Aage Hansen / NRK