Hopp til innhold

By Rise blir landslagstrenar

NRK-sjef Ola By Rise blir assistenttrenar på landslaget.

Ola By Rise
Foto: Gorm Kallestad / Scanpix

Ola By Rise er i dag redaksjonssjef i aktualitetsprogrammet Her og Nå på NRK P1. Han tek permisjon frå NRK-jobben i 14 veker.

Det vil seie ut landslagssesongen.

- Eg vil tvihalde på jobben min i NRK, og søkte difor permisjon, seier Ola By Rise til NRK Trøndelag.

Fekk sparken i Rosenborg

Ola By Rise blei i desember 2003 hovudtrenar i Rosenborg, då Åge Hareide blei ny landslagssjef.

Rise førte klubben både til seriegull og Meisterligaen i sin første sesong som trenar, men det var ikkje nok for leiinga. To rundar før serieslutt fekk han sparken og 9. november blei han bedt om å fråtre stillinga si slik at assistent Per Joar Hansen kunne ta over.

Har tru på landslaget

Den tidlegare Rosenborgtrenaren skal vere med å assistere landslaget på fire-fem kampar. Han har stor tru på at landslaget kan reise seg igjen i kvalifiseringa til EM.

- Trekninga er gunstig for oss, så eg har veldig trur på det utgangspunktet landslaget har denne gongen. Det er ikkje så høge forventningar til laget. Etter at Åge Hareide kom inn med ny inspirasjon har det på ein måte flata litt ut, så eg håper eg kan bringe litt ny entusiasme til laget, seier Rise.