Hopp til innhold

Shorts- og gummistøvelveke

Det gode vèret er ikkje utelukkande positivt: NVE melder om flaumfare i Nord- og Sør-Trøndelag.

Steinkjerelva mot Rismelparken

LÅG VASSFØRING: Steinkjerelva kan få langt høgare vassføring enn dette i byrjinga av neste veke.

Foto: Marit Norum

Frå og med helga er det meldt flott vårvèr i heile Trøndelag. Det kan føra til flaum.

– I fjellet i trøndelag ligg det framleis snø, og denne vil smelta med alt godveret me har i vente, seier vakthavande hydrolog i NVE, Heidi Stranden.

Shorts og gummistøvlar

På sundag er det meldt mellom 18° C og 20° i begge fylka. Desse gode temperaturane ser ut til å halda seg i byrjinga av neste veke.

Mykje vatn og sumarstemning i lufta, kan føra til nokre uvante klessituasjonar.

- Det kan rett og slett bli ei gummistøvlar- og shortsveke, seier hydrologen.

Snø i høgda

Stor vannføring i Orkla i Meldal

HØG VASSFØRING: Slik såg det ut i mars då vatnet steig i Orkla i Meldal

Foto: karl Inge Jensen

I enkelte høgareliggjande område ligg det meir snø enn normalt, og mykje av denne kjem til å smelta frå sundag av. Mengda med vatn kjem an på kor høge temperaturane faktisk blir, og kor mykje snø som smelter.

Ikkje stormflaum

Det vil ikkje gå frå svært låg til svært høg vassføring på kort tid.

I låglandet ligg det ikkje særleg mykje snø, men vassdraga i begge fylka kan fyllast ganske godt opp nedover.

Dei vassdraga som er regulerte vil ikkje nødvendigvis bli råka, ettersom reguleringa kan ha dempande effekt.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.