Hopp til innhold

Politiet: Hald deg unna Piren!

Politiet ber folk halde seg langt unna Pirområdet i Trondheim.

Dagmar herjer Trøndelag

STENGER PIROMRÅDET: Det er farleg å vere i Pirområdet i Trondheim.

Foto: Henrik Sundgård

Ein person og ein hund måtte reddast ut av bilen av brannvesenet etter at dei blei overraska av uveret «Dagmar» på Piren natt til mandag.

– Ingen må finne på å ta seg inn på havna. Vi måtte sikre og få ut ein nyskjerrig tilskodar som sat i bilen sin, seier operasjonsleiar Tore Kyllo ved Sør-Trøndelag politidistrikt, til NRK.no.

Ifølgje NRKs fotograf på staden, Henrik Sundgård sat ein mann og hunden i ein bil på hurtigbåtkaien. Dei blei overraska av vinden og måtte reddast av brannvesenet. Bilen blei skylt bortover vegen av vinden.

Abrahallen borte

Uveret har også tatt Abrahallen i Malvik. Brannvesenet var på staden for å sjå om det var noko som kunne sikrast.

– Heile taket er blåst bort, så det er ganske flatt der, seier operasjonsleiar Kyllo.

Ifølgje NRKs fotograf Tor Aage Hansen står han utanfor hallen og ser rett inn på grasmatta. Hallen er delt i fleire bitar og ligg inni skogen og utover parkeringsplassen.

(Artikkelen held fram under bildet)

Dagmar har ødelagt Abrahallen

Store delar av Abrahallen har blåst bort.

Foto: Tor Aage Hansen / NRK

Vegg slått inn

Delar av Pirsenteret i Trondheim er også øydelagt av flaumvatn.

– Det er slått inn ein vegg på Pirsenteret og vatnet stig. Vi har prøvd å sperre av så godt vi kan. Stein har blåst opp frå sjøen og ingen må finne på å ta seg inn på havna, understrekar operasjonsleiaren.

– Vinden har tatt seg opp igjen. Vi jobber no på Pirsenteret. Der slår vatnet inn i fleire hus, sa Stig Lunde, brannmeister 110 sentralen i Trondheim tidlegare på kvelden.

Trampoliner flyg
«Dagmar» herjer i Trøndelag

Sterke krefter har vore i sving og dette lyssignalet er knekt som ei fyrstikk.

Foto: Henrik Sundgård

Det er farleg å ferdast rundt i Trondheim. Politiet har klokka 0230 ikkje kontroll over situasjonen.

– På Hesttrøa i Melhus har eit stillas falle over motorsyklar og bilar. Ingen personar er skadd. I tillegg er det knekte lyktestolpar og tre overalt, seier Kyllo.

Han fortel at det flyg alle mulege gjenstandar gjennom lufta.

– Det fer takplater og containarar for papir og søppel, trampoliner, takstein og vindauger gjennom lufta. Vi har fått rapportar om mange skadar på køyretøy som står parkert, men ingen meldingar om skade på personar, seier Kyllo.

Skansentunellen stengt

I Skansentunellen fossa vatnet inn rundt klokka 0130.

Vegen er stengt og det er sett opp varsellys for å unngå at folk køyrer inn i tunellen.

Og ifølgje lyttartips er det oversvømmelse i krysset mellom E6 og E14 i Stjørdal der det blir laga ny jernbaneovergang.

Tre over vegar og hus

Det har knekt ei rekke tre over heile Trøndelag. Desse ligg utover vegar, bilar og hus. På Vestre Rosten i Trondheim måtte brannvesenet feste eit tre som hadde retning rett mot eit hus.

I gågata i Trondheim sentrum ligg det knekte lyktestolpar som vitnar om kva krefter som har vore i sving denne natta.

Klokka 0340 melder Meteorologisk institutt at det tidlegare stormsenteret ligg over nord Sverige og har blitt litt svekka. Det er framleis vest og nordvest liten til full storm i nordlege delen av Trøndelag, ellers er vinden minka til vestleg stiv og sterk kuling nord for Stad.