Hopp til innhold

Ber private stille opp for romfolket

Advokat Farhad Amaru håpar private aktørar kjem på bana med eit område til romfolket.

Romfolk i Trondheim og advokat Farhad Amaru

Advokatfullmektig Farhad Amaru jobbar for at romfolket i Trondheim skal få det betre.

Foto: NRK

Etter å ha flytta frå kyrkje til kyrkje i Trondheim dei siste dagane, er det uklart kvar romfolket skal bu framover. Natt til laurdag var dei inne i Vår Frue kirke.

– Kan ikkje vere ved kyrkja

Advokatfullmektig Farhad Amaru representerer romfolket i Trondheim. Han fortel at dei ikkje har nokon stad å vere no, men at han har fråråda dei å slå opp telta sine ved Vår Frue kirke igjen.

– Kirkelig fellesråd i Trondheim vil kontakte politiet viss det skjer. Då er vi redde for at det vil bli brukt fysisk makt for å fjerne dei. Eg ønskjer ikkje ein slik konfrontasjon, seier Amaru.

Han meiner det er eit samfunnsansvar å gjere noko med situasjonen for tiggarane.

Vil ha privat hjelp

– Dei set pris på all form for hjelp. Eg håpar at ein privat aktør vil stille eit område til disposisjon, slik at dei har ein plass å vere på kort sikt.

Han foreslår ein gard eller ein annan stad med god plass og tilgang til toalett, og seier at romfolket gjerne vil arbeide for å klare seg sjølve.

– Det er fine folk som berre vil jobbe og starte eit liv. Det er urovekkande at ingen tek tak i problemet, seier Amaru.

Satsar på politikarane

Advokaten meiner også at kommunen bør stille meir opp.

– Eg vil påstå at kommunen har midlar til å gjere noko, men at politikarane er redde for at det skal føre til at fleire vil komme til Trondheim. Men vi har eit problem no, og det må vi løyse. Vi kan ikkje gå ut frå hypotetiske konsekvensar, seier advokaten.

Han fortel at han har foreslått å hjelpe dei å søker sosialhjelp, men at romfolket har nekta å prøve dette.

– Dei ønskjer ikkje det. Dei vil ikkje vere avhengige av stat eller kommune, men klare seg sjølve. No håpar eg politikarane vil ta tak i saka og få til ei løysing gjennom at romfolket får seg arbeid.