Kvar beitesesong forsyner rovdyra seg av saue- og reinflokkar i Nord-Trøndelag.
Dei som driv med rein i Nord-Trøndelag meiner rovdyrstamma er ute av kontroll og at det er ei svært mangelfull registering av talet på rovdyr i fylket.
– Situasjonen er alvorleg for reindriftsnæringa og det er naudsynt med endringar i dagens rovdyrforvalting, sa reineigar Karen Anette Anti-Oskal frå talarstolen under fylkestinget i Verdal i juni.
Krev ny politikk
Norske Samers Riksforbund (NSR) krev ein ny rovdyrpolitikk og hevdar at presset frå rovdyra trugar samisk reindrift, særleg i Nord-Trøndelag og nordre del av Nordland.
Arbeiderpartiets 1. kandidat i Nord-Trøndelag, Gerd Janne Kristoffersen, skjønnar at næringa er uroleg over rovdyrsitusjonen i fylket. Ho vil jobbe for at det skal bli betre og seier at spørsmålet kring kor mange rovdyr det skal vere i fylket stadig er eit tema i partiet.
– Målet står framleis fast. Vi er no opptatt av at leiinga av rovdyrpolitikken skal vere mest muleg lokal og at skadedyr raskt blir tatt ut, seier Gerd Janne Kristoffersen til NRK Trøndelag.
Les også:
Kristoffersen legg til at dette er eit svært viktig spørsmål i Nord-Trøndelag og at det difor blir fulgt opp kontinuerleg og vil vere eit sentralt tema på møtekartet når statsrådar kjem på besøk i valkampen.
Støtte frå fleire
Fleire av dei andre store partia er samde i at rovdyrpolitikken er eit viktig tema i fylket fram mot valet.
– Vi trenger mindre rovdyr i Trøndelag. Spesielt ille har det blitt for dei rovdyrutsette områda i Namdalen, seier Framstegspartitets Robert Eriksson.
– Definitivt mindre rovdyr i Trøndelag. Dessutan skulle jeg gjerne sett at vi hadde lokal forvaltingsstyresmakt, seier Høgres Lars Myraune.
Kristeleg Folkeparti meiner bestandsmåla for rovdyr må revurderast og og at det må opast for meir målretta uttak av skadedyr.
Alt om:
Frp på frammarsj
Arbeiderpartiet er det største partiet i Nord-Trøndelag med ein tilslutnad på over 40 prosent.
Men hausten 2005 gjorde Framstegspartiet sitt aller beste stortingsvalg. Samanlikna med tidlegare val var veksten aller størst i Namdal, og særleg i Ytre Namdal. I tillegg kom partiet svært godt ut i ei rekkje småkommunar.
Framstegspartiets 1. kandidat, Robert Eriksson, vil dei neste fire åra jobbe for at eldre skal få ein varm, verdig og valfri eldreomsorg og eit betre helsevern. Han vil også ha fokus på at infrastrukturen skal bli betre og at Trøndelag skal få sin rettmessige del av løyvingar frå staten.
Les også:
Utbygging av Meråkerbanen
Ei anna sak som kan kome til å bli viktig i valkampen er om Meråkerbanen skal rustast opp.
(Artikkelen held fram under biletet.)
Bana er i dag den einaste straumlause jernbanestrekninga i Noregs primære godstrafikknett. Jernbaneverket har komme med forslag om å elektrifisere den.
Svenskane har dei siste femten åra brukt fleire milliardar kroner på å ruste opp den delen av bana som ligg i Sverige og går mellom Stockholm og Storlien. Dei er opptatt av den dårlege standarden som møter dei på norsk side.
Sosialistisk Venstreparti og Venstre er begge opptatt av å setje fokus jernbana i Trøndelag under årets valkamp.
Tidlegare valresultat
- Stortingsvalet 1997:
Sjå alle resultata frå
- Fylkestingsvalet 1999
Sjå alle resultata frå
- Stortingsvalet 2001
Sjå alle resultata frå
- Fylkestingsvalet 2003
- Stortingsvalget 2005
- Fylkestingsvalget 2007