16.03.2010

Lyn starta brann

Det kraftige uveret onsdag kveld forårsaka to brannar i Flesberg. Den eine var på Bygdetunet og den andre var i ein einebustad i Lyngdal. Ingen vart skada i brannane, opplyser politiet.

Politiet fekk også inn fleire meldingar om mykje vatn på vegane og oversvømmelse i ein kjellar.

Alarmoperatør i Kongsberg brann og redningsteneste, Vegar Bjøranger, seier han aldri har opplevd maken til torever.

Uveret fotografert over Nedre Eiker. (Foto: Tordis Gauteplass)Uveret fotografert over Nedre Eiker. (Foto: Tordis Gauteplass)

På grunn av lynnedslag og uver var heile Buskerud fylke også utan radio- og tv-samband frå klokka 21.30 onsdag kveld. Sendaren på Jonsknuten ved Kongsberg mista straumen og naudaggregatet vart også øydelagt. Sendaren var reparert kl. 2.00 natt til torsdag.

Også telefonsambandet blei ramma av uveret. Abonnentar på Gol og i Krokstadelva har vore utan telefonsamband. Telenor håpar feilen skal vera retta i løpet av torsdagen.

Siste riksnyheter

100 siste nyheter