Hopp til innhold

– Mamma ba meg tilstå brannen

19-åringen som er tiltalt for å ha tent på Østre Porsgrunn kyrkje sa mor hans bad han om å tilstå.

Østre Porsgrunn kirke i brann

Østre Porsgrunn kyrkje brann ned til grunnen natt til 11. april 2011.

Foto: Per Eirik Hekkelstrand / Scanpix

Det var etter ein samtale med mora si at 19-åringen valde å tilstå kyrkjebrannen.

19-åringen forklarte at mora hans sa at «du skal leve vidare med dette, så det er best at du seier ifrå viss du har gjort det.»

Rettssaka starta i Nedre Telemark tingrett i dag, torsdag 21. februar. Ein mann på 20 år frå Skien og ein mann på 19 år frå Porsgrunn, som for to år sidan var 18 og 17 år, er tiltalt for å ha tent på kyrkja natt til 11. april 2011.

Erkjenner straffskuld

Aktor Kjetil Omholt forklarte i retten at 19-åringen frå Porsgrunn har erkjent straffskuld for å ha vore med og tenne på Østre Porsgrunn kirke. Men han erkjente ikkje straffskuld for å ha tent på og skada to benker ved inngangspartiet til Borgestad kirke i Skien.

20-åringen frå Skien erkjente ikkje straffskuld for noko av det han var tiltalt for.

Begge mennene som er tiltalt i saka budde på Stridsklev i Porsgrunn for to år sidan då Østre Porsgrunn kirke brant ned.

Les også:

Var på fest søndag kveld

Statsadvokat Kjetil Omholt

Aktor Kjetil Omholt i Nedre Telemark tingrett.

Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK

19-åringen forklarte i retten i dag at han var på fest hos 20-åringen saman med fire andre søndag kveld før kyrkjebrann. På festen blei det drukke alkohol.

19-åringen innrømte i retten at han var ganske full etter å ha drukke øl og vin.

Aktor spør så om 20-åringen var full. Til det svarar 19-åringen at det visste han ikkje.

Då dei andre forlét festen drog 19-åringen og 20-åringen ut på tur med mopeden. Dei hylte og skreik og hadde det moro. Dei skulle eigentleg til McDonalds, men hamna i staden ved Borgestad, der dei kjørte rundt i smågatene.

Les også:

Leika med benker og dunkar

Ved Borgestad kyrkje leika dei med nokre benker som blei sett oppå kvarandre. Der tente 20-åringen på sitt eige skjerf.

19-åringen forklarte i retten at han tråkka på flammene slik at det ikkje skulle ta fyr og sløkte brannen før dei drog vidare mot Stridsklev. Men dei stoppa ved Østre Porsgrunn kyrkje fordi 19-åringen måtte på do.

Her starta dei å herje med nokre søppeldunkar og dytta dei bortover mot kyrkja. Men 19-åringen trur det berre var ein søppeldunk som blei dytta bort til veggen på kyrkja.

Se video fra brann-natta:

Video Østre Porsgrunn kirke i brann natt til mandag

Østre Porsgrunn kirke i brann natt til mandag

Tente på papp ved kyrkja

20-åringen tok opp ein papp eller papirdunk, tente på og la det oppi søppeldunken som blei velta mot kyrkjeveggen. Etterpå drog dei raskt ifrå kyrkja mot Stridsklev.

19-åringen forklarte at dei ikkje såg noko røyk då dei drog frå staden. Etterpå parkerte han mopeden og gjekk å la seg heime hos 20-åringen.

Dommaren spør så om facebookprofilen, og kva 19-åringen veit om den. 19-åringen svarar at han såg den først dagen etter og sletta den.

19-åringen forklarte at det var berre han og 20-åringen som var i husværet på det tidspunktet, men at andre kan ha vore inne på facebookprofilen hans.

Veit ikkje kvifor han gjorde det

19-åringen forklarte at det var 20-åringen sin ide å dra ut. Og at dei drog ut i halv eitt tida natt til måndag 11. april 2011 og var ute nokre timar.

Aktor konfronterte 19-åringen med at han i tidlegare avhøyr har forklart at 20-åringen skal ha sagt at dei skulle dra å brenne ned ei kyrkje.

I retten forklarte 19-åringen at det ikkje var rett. Nå forklarte han i retten at han hjelpte til med å flytte to søppeldunkar bort til kyrkjeveggen.

Aktor spør så 19-åringen om kvifor dei gjorde det om det ikkje var meininga å sette fyr på kyrkja?

19-åringen svarer at han ikkje veit kvifor dei gjorde det.

Østre Porsgrunn

Hund på branntomta.

Foto: Christer Karlsen / NRK

Plaga med dårleg samvet

19-åringen forklarte i retten at det var 20 åringen som tente på søppeldunkane ved Østre Porsgrunn kirke, og at han berre hjalp til med å flytte søppeldunkane.

Han innrømte også å ha sett fyr på noko papir ved Stridsklev skole for nokre år sidan.

19-åringen forklarte at han hadde vore plaga med dårleg samvet, og tenkte på det han hadde vore med på heile døgnet.

Det gjekk ut over fritida hans. Mange venner har slutta å ta kontakt. Han har heller ikkje særleg kontakt med 20-åringen frå Skien, sjølv om 19-åringen meiner dei ikkje har vore uvenner.

20-åring nektar alt

20-åringen frå Skien forklarte i retten at han hadde lagt seg på sofaen og sovna då dei andre drog frå festen.

Brann Østre Porsgrunn kirke

Sløkkingsarbeidet var omfattande.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Han erkjenner å ha drukke alkohol, og forklarte at 19-åringen fortsatt var i husværet då han la seg rundt klokka halv eitt natt til måndag 11. april i 2011.

Etter det veit ikkje 20-åringen noko meir før han vakna måndag morgon og var åleine i husværet.

Han nektar for å ha vore med på mopedturen, og seier at det 19-åringen har forklart i retten ikkje er sant. Og at han først leste om kyrkjebrannen på ei nettavis.

Trur ein annan var med

20-åringen forklarer at 19-åringen skal ha innrømt kyrkjebrannen for han, og at det var slik han fikk kunnskap om det som hadde skjedd.

20-åringen unnlater å svare på mange spørsmål i retten og brukar tidvis lang tid før han vel å svare avvisande på spørsmål frå aktor Kjetil Omholt. Han vil heller ikkje svare på spørsmål frå aktor om kvifor han ikkje vil gje frå seg passordet til facebookprofilen sin til politiet.

I staden rettar 20-åringen søkelyset på ein annan kjenning som han meiner var saman med 19-åringen brannkvelden, og som han trur sette fyr på Østre Porsgrunn kirke.

Han har heller ikkje noko forklaring på kvifor skjerfet hans blei funne ved Borgestad kirke. Og sa i retten at det låg i gangen sist han såg det.

Skulle dekke opp for gjeld

Andreas Nyhaug, advokat

Forsvarar for 20-åringen, advokat Andreas Nyhaug.

Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK

Forsvarar Andreas Nyhaug spør så sin klient kvifor han ser ned i bordet og svarar mangelfullt på aktor sine spørsmål.

Til det svarar 20-åringen at det er fordi han ikkje har noko å seie om det.

Han trur 19-åringen skuldar pengar til ein kamerat som han meiner skal ha vore med på brannstiftinga, og at han vil dekke kameraten ved å skulde han.

I retten forklarte han at 19-åringen har sagt at han ikkje skulle fortelje at han var saman med denne kameraten den aktuelle kvelden.

Det er denne tredje personen som 20-åringen meiner skal ha vore med å tenne på Østre Porsgrunn kirke.

20-åringen sa også at 19-åringen hadde rana ein Shell-stasjon for å dekke gjeld til denne kameraten tidlegare. Og 20-åringen gjentar at han ikkje har noko å gjere med kyrkjebrannen.

Spela av telefonsamtaler

Skule Worpvik

Politibetjent Skule Worpvik. (arkivfoto)

Foto: Martin H. W. Zondag / NRK

Politioverbetjent Skule Worpvik forklarte i retten at 19-åringen har gitt frå seg sitt passord til Facebookprofilen sin til politiet, men 20-åringen nektar å gjere dette.

Worpvik spelte også av telefonsamtaler politiet hadde tilgang til.

I fleire av desse seier 19-åringen at han ikkje har gjort det.

20-åringen seier i ei telefonsamtale med ei venninne at verken han eller 19-åringen har tent på kyrkja.

Den 17. mai ringer 20-åringen til 19-åringen.

I denne samtalen er dei einige om at ingen av dei har gjort det, og oppmodar kvarandre til å halde tett.

Slettar logg på Facebook

Worpvik forklarar at dei to deler erfaringar frå fengselet, og at det verkar nesten som om dei veit at telefonsamtalen blir avlytta.

I ein ny samtale som Worpvik spelar av i retten seier 20-åringen at han vil snakke med 19-åringen om noko han ikkje kan snakke om i telefonen.

Han ber 19-åringen om å stå på sitt, og fortsette med det. Og seier at han håpar dei skal klare seg igjennom dette. I telefonsamtalen som blir spela av i retten samordnar dei to forklaringane sine, meiner Worpvik.

Dei to tiltalte blir også einige om å slette loggen sin på Facebook og ikkje snakke med nokon om saka.

I alt 13 telefonsamtaler blir spela av i retten.

I ein av samtalene er det kameraten som 20-åringen meiner har vore med på kyrkjebrannen som snakkar med 19-åringen.

Kameraten fortel at politiet har beslaglagt pc' en hans. 19-åringen understrekar i telefonsamtalen at kameraten ikkje må hjelpe politiet.

19-åringen forklarte i retten at han viste at dei to blei avlytta av politiet på eit tidspunkt.