Hopp til innhold

Erotisk kunst på Rauland

Nyttig reiskap slik du aldri har sett han før. Sjå video.

Trekunst

Kuktreet hans Odin kalla soldatane grana dei pissa på. No er det kunst.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Gjennom tusenvis av år har kjevle vore ein nyttig reiskap , men etter kvart har dei blitt liggjande i skuffar og skåp utan å gjere nytte for seg. Men visste du at det er mange ulike kjevle som til dømes gravidkjevle og falloskjevle ?

Rauland Kunstforening viser no ei stor utstilling med over førti ulike kjevle.

Eit av dei er eit falloskjevle som er til sals for 10 000 kroner.

Det var visstnok eit kjevle som tusenvis av soldatar har tissa på kvar lille juleeftan i Maukstadmoen militærleir gjennom mange år. Eit litt spesiell antikvitet med andre ord.

Video nsps_upload_2010_2_16_12_2_2_1910.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Sjå video: Falloskjevle

Over førti ulike variantar

Kva skjer med eit kjevle som hamnar midt i krigshandlingar ? Det blir eit symbol på krigsøydeleggingar.

Mange slags tresortar er opp gjennom tida bruka til kjevleemne. Kunstnaren bak denne utstillinga, Hans Sande , ser kjevleemne over alt.

Over førti ulike kjevlevariantar inneheld denne litt spesielle utstillinga.

Sjå meir om utstillinga

Utfyllande tekst

På kjevle frå den franske revolusjonen står dei symbolske bokstavane for fridom, likskap og brorskap. Men var kjevle med under revolusjonen tru ? Det er grunn til å tvile på det.

Video nsps_upload_2010_2_16_12_8_9_1911.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Sjå video: Svartsjuk kjevle

Forfattar og biletkunstnar Hans Sande har vore opptatt av kjælne kjevle og tomme hender i dei siste fem åra, og resultatet kan ein no sjå på Rauland.

Til kvart kjevle følgjer ei utfyllande tekst som fortel historia til det enkelte kjevle.

Kjevle med sjel

Kjevlekunst

Krosskjevle

Foto: Anne Lognvik / NRK

Kunstnaren påstår at kjevle har sjel, og når lengten etter dei varme og gode arbeids-hendene blir for sterk, skjer det noko med mange kjevle.

Nokon tvinnar seg saman og blir til tvillingkjevle. Andre, dei som bur i ein rik heim, blir store og sjølvsikre slik som det megalomane kjevle.

I kyrkja blir kjevle til krosskjevle. Andre kjevle blir tokjønna slik som herma-frodittkjevle.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark