Hopp til innhold

Må permittere 400 elevar

Streiken fører til så dårleg reinhald at det ikkje er forsvarleg å ha elevane på skulen, meiner rektoren.

Arne Koch

Rektor ved Skogmo videregående skole Arne Koch må permittere 400 elevar på grunn av streiken.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Rektor Arne Koch ved Skogmo videregående skole i Skien seier reinhaldet er så dårleg på skulen at det ikkje er forsvarleg å ha elevar i lokala.

Dette kan føre til at elevar på VK1 ikkje får ta muntleg eksamen.

- Vi prioriterer privatistane og dei som treng papirer på gjennomført skulegang for å koma vidare på studier, sier Koch.

Alt om streiken

Forstår dei streikande

Rektoren synest det er veldig trist at dei må permittere elevane, men har stor forståelse for dei som streikar.

- Eg er faktisk heilt enig med dei, seier rektor Arne Koch, som altså må permittere halvparten av elevane sine på grunn av streiken.

Streikevakt Hilde Vik Strømme

Streikevakt Hilde Vik Strømme beklagar at streiken rammar ein tredjepart.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Jentene har byrja å rydde og halde orden, men guttedoen er prega av manglande reinhald, og luktar ganske vondt.

- Streikande reinhalderar gjer at hygienen på skulen på skulen blir for dårleg. Det er ikkje forsvarleg å ha så mange elevar i lokala, seier rektor til NRK.

Les: Gjorde hærverk for å få sommerferie

- Slik er det

Streikevakt Hilde Vik Strømme seier at dei står på sitt, men ho medgjev at det er leit at streiken råkar tredjepart.

- Men slik er det i ei konflikt, seier ho.

Strømme vil ikkje kommentere om ho har dårleg samvit for at streiken råkar elevane, og kanskje fører til at ein del av dei ikkje får ta eksamen.

Les også: Måtte bli med pappa på jobb

Les også: - Grenser til det uforsvarlige