Så kom avklaringa vi har venta på: Olje og energiminister Terje Riis-Johansen går av, etter fem og eit halvt år i regjeringa.
Strategane i Senterpartiet funne ein god grunn for å gjøre statsrådavgangen så lite smertefull som råd, nemlig å løfte han opp som fylkesordførarkandidat i heimfylket.
Dette skal for det første glatte over at det har vore nødvendig for Stoltenberg å skifte ut olje og energiministeren etter alle problemsakene han har fått kritikk for å handtere dårleg.
For det andre er dette eit nytt signal om at Senterpartiet i Telemark skifter side i fylkespolitikken. Gjennom dei siste 16 åra har Sp samarbeidd med dei borgarlege partia og fått svært godt betalt i form av tunge verv på fylkesplan: Fylkesordføraren i åtte år, varaordføraren nå dei siste åtte åra, med ein veljaroppslutning som ikkje tilseier slike posisjonar.
Fylkesleiar Jan Thorsen og nyslått fylkesordførarkandidat Terje Riis- Johansen tenker meir raud-grønt enn avtroppande fylkesvaraordførar Lars Bjaadal.
Sett frå Senterpartiets side har Arbeiderpartiet lagt vegen open for ein erfaren senterpartist som ny raud-grøn fylkesordførar i Telemark: Christian Tynning Bjørnø er ung og manglar politisk erfaring ut over kommunenivå i Porsgrunn. Det er lite å stille opp med mot ein mann med tyngde og kontaktnett som Riis-Johansen har etter 10 år i rikspolitikken.
Men skal kabalen gå opp, må dei raud-grøne først vinne fylkesvalet i Telemark den 12. september.