Hopp til innhold

Lite sannsynleg med meir snø til påska

Det er veldig god plass i heisane i Sør-Noreg.Våren tærer også på kunstsnøen, og skiløypene er borte for lengst.

Gautefall.

Heisen står stille på Gautefall.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Sjansen for å få meir snø før påske er forsvinnande liten, meteorologane seier fjellområda i Sør-Noreg nok må klare seg med den snøen dei har frå før. Til veka er det venta mildvêr over heile landet.

Kjøpars marknad

Vrådal.

Snøen i Vrådal er ikkje ekte.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Det er mykje ledig overnattingskapasitet i fjellet og på vintersportsstadane rundt om. Det er med andre ord kjøpars marknad.

– For å få fylt opp, er det mogleg å tinge om pris, seier Petter Johnsen i Vrådal Panorama Skisenter.

Han reknar med at dei skal ha kunstsnø nok i alpinanlegget til over påske, men langrennsskia kan folk la bli heime.

God plass i alpinbakkane

Danskane NRK.no møtte i Vrådal kosar seg på kunstsnø. Det er god plass i alpinbakkane, og utanfor traseen er bakken bar og knoppane skyt på trea.

– Det er herleg og dyrt å vere her, seier danske Steen Olsen.

Han og kona var i Noreg på skiferie for 16 år sidan. I år har dei tatt dei tre barna med på sin første skiferie til Vrådal i Telemark.

– Vi kjem ikkje i påsken, men kunne gjerne tenke oss å komme tilbake når det er sommer- seier Steen som likar at det er god plass, vakker utsikt og hyggelege nordmenn.

– Det er dyrare enn heime i Danmark, men det visste vi jo om, seier han.

Artikkelen held fram under bildet.

Steen Olsen med familie.

Steen Olsen med familie kosar seg i Noreg.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Reiser på dagen

Reisemønsteret har endra seg, og no bestemmer folk seg gjerne dagen før dersom dei finn ut at dei vil til fjells eller til kysten.

Det er veldig mange overnattingstilbod, og ingen problem med å skaffe overnatting. Enkelte hotell seier at dei har fått avbestillingar frå folk som har funne ut at dei ikkje vil til fjells no når snøen forsvinn.

Alternative aktivitetar

Haukeliområdet reknar med at det skal vera greie snøforhold til over påske. Rauland har også snø til langrenn enno, men på Gaustadblikk er det dårleg.

Truleg må ein opp i terreng som ligg godt over 1000 meter over havet for å finne løyper med naturleg snø.

Heller ikkje i fjor var det særleg mykje snø i påskefjellet, og mange hotell lagar no alternative aktivitetstilbod for at ungar og vaksne skal ha noko å drive med.

Vinteren er over

Den rekordtidlege våren er komen for å bli, vinteren vil ikkje ta tak att, i alle fall ikkje i den sørlege delen av landet.

I Nord-Noreg og delar av Vestlandet er det venta nedbør til veka, men det kan like gjerne koma som regn varslar meteorologiske. Men delar av desse områda har framleis skiføre. Så er du skientusiast, finst det snø ein stad viss du då ikkje vel krokus og sykkelpuss i påska.