Hopp til innhold

REC-tilsette er spente og urolege

Dei tilsette ved REC på Herøya er spente og urolege for utfallet etter styremøte i dag. I kveld får dei vite om det blir kroken på døra eller vidare drift for den siste solcellefabrikken her i landet.

Bjørn Løvseth

Tidlegare tillitsvald og permittert REC arbeider, Bjørn Løvseth, er spent og uroleg på resultatet av styremøte.

Foto: NRK

Konsernstyret i Rec møtte i dag tysdag 24. april klokka eitt på hovudkontoret i Sandvika. Skjebnen til den einaste fabrikken solenergiselskapet har igjen i Noreg står på sakskartet, i tillegg til rekneskapen for 1. kvartal.

– Eg er veldig spent. Og litt uroleg saman med alle dei andre på REC, seier tidlegare tillitsvald og permittert REC-tilsett Bjørn Løvseth før styremøte.

Håpar på positiv beskjed

Fabrikken på Herøya fekk ein ny frist etter siste møte i konsernstyret, men det er høgst usikkert om REC fabrikken overlever dette styremøtet. REC held korta tett inn til brystet, men har innkalla til eit allmannamøte for dei tilsette klokka 19.00 tysdag kveld.

– Eg håpar på eit positivt resultat etter styremøte og at det blir vidare drift ved REC-fabrikken på Herøya.

Løvseth trur konsernleiinga og styret er usikker på framtida for selskapet, og vil vurdere den månad for månad. Han synest det er positivt at produksjonen blei auka i april for fabrikken som er i drift. Og håpar at REC etter kvart kan starte opp igjen drifta av ein fabrikk til.

– Treng større produksjon

– Vi treng større ein større produksjon for å kunne overleve i framtida. Den produksjonen som er nå er for liten til å skape økonomisk tryggleik for bedrifta, seier Løvseth.

Han meiner det er heilt avgjerande at REC på Herøya klarar å utvikle produkta og gjere dei betre.

– Kva tenker du om at allmøte blir lagt til same kvelden som det er styremøte?

– Det fortel meg at nå er det viktige beskjedar som kjem til dei tilsette i kveld. Og det vil gjelde framtida for bedrifta i Noreg og i Singapore. Eg må vere positiv på at vi får gode beskjedar for drifta i Noreg, seier Løvseth.

Han synest ikkje det er nokon god nyheit at prisane går ned, fordi det gjer det vanskelegare for selskapet å tene pengar. Men for dei tilsette gjeld det å stå på i jobben med å senke kostnadene og gjere produkta betre.

– Og så får vi håpe at selskapet har trua på vidare drift i Noreg, for det burde dei ha, seier Løvseth.

Mange arbeidsplassar

Nå står det om framtida for 370 arbeidsplassar ved REC på Herøya som for kort tid sidan hadde så mange som 850 tilsette.

Konsernstyret har tidlegare uttalt at dei alt har gjort førebuingar for å kunne legge ned bedrifta på kort varsel dersom marknaden endrar seg.

Sidan siste styremøte har prisane gått ned med om lag 15 prosent. Dermed kan det vere fare for at eit fleirtal av styret går inn for nedlegging og utflagging av waferproduksjonen til Singapore.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark