Hopp til innhold

Sommarvikar sikta for omfattande svindel

Ein mann i 20-åra frå Skien er sikta for å ha svindla både pleietrengande og tilsette i kommunen. Gjennom jobben fekk han tilgang til personopplysingar som han bruka til å blant anna bestille ei mengde varer på nettet.

Annie Sandersen

Politistasjonssjef i Grenland, Annie Sandersen åtvarar kommunar om å vere slepphente med personopplysningar.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Me har avslørt ein mannleg sommarvikar som har jobba i Skien kommune, og har misbruka namn og personopplysningar til tilsette og brukarar i kommunen til å få varer. Han har bestilt via nettet, og brukt deira personalia til å gjere det, seier politistasjonssjef i Grenland, Annie Sandersen.

Namna og personopplysingane til to pleietrengande eldre damer og to av kollegaene til mannen blei bruka for å bestille ei rekkje varer på nettet, og det er ikkje snakk om småpengar.

Store verdiar

– PC, kamera og høyttalarar. Det som me har beslaglagd er varer for nærare 50.000 kronar, og så har han bestilt varer som han ikkje har fått ut, seier Sandersen.

Einingsleiar Guro Winsvold i Skien seier at ho er og kommunen er veldig lei seg for det som har skjedd.

– Systemet er bygga på tillit, og dersom det er ting i våre systemar som me kan gjere enda betre enn i dag, så vil me sjølvsagt sjå på det. Sommarvikarar, andre tilsette, medarbeidarar på heimetenesta og dei andre verksemdene, har tilgang til informasjon om brukarane dei jobbar med, seier Winsvold.

Saka held fram etter biletet.

Guro Winsvold

Einingsleiar Guro Winsvold i Skien kommune er lei seg for det som har skjedd.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Har tilgang til personnummer

– Og det betyr personnummer og alt du treng for å gå inn i brukarens økonomi?

– For å kunne identifisere dei rette personane, så her vårt helsesystem bygget opp på den måten at det ligg personnummer der, seier Winsvold.

Winsvold stadfester at sommarvikarar faktisk får tilgang til blant anna personnummeret til eldre og sjuke som treng dagleg omsorg.

Åtvarar kommunar

Sandersen i politiet åtvarar kommunar og andre mot å vera slepphente med personopplysningar.

– Å gå gjennom rutinane sine, både i høve til kva slags opplysningar som er tilgjengelege for dei tilsette, og også på tilsetjingane sine av sommarvikarar. Me snakkar om ein veldig sårbar gruppe, som er heilt avhengige av at med som er sett til å betene dei har tillit, seier Sandersen.

– Først og fremst så vil me avventa etterforskinga for å sjå om det er noko me kan gjera annleis, for å sikre oss mot at dette skjer ein gong til. Men eg vil beklaga dette overfor dei som er råka av dette. Det er det som opprørar oss i fyste runde, seier Winsvold.

Vil ikkje spekulere

Og den oppfinnsame svindlaren bruka fiffige metodar for å skaffe seg det han hadde lyst på.

Korkje politiet eller kommunen vil spekulere i om det kanskje er meir slik svindel enn ein aner i og med at personopplysingar, blant anna personnummeret, er så lett tilgjengeleg.

– Eg har ikkje grunnlag for å hevde det, seier politistasjonssjef Sandersen.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark