Hopp til innhold

– Heilt uforståeleg at det ikkje er kamera om bord

Finn Abrahamsen reagerer sterkt på at det enno ikkje er kameraovervaking på Oslo-trikken, etter at det har vore mange alvorlege valdsepisoder dei siste åra.

Finn Abrahamsen

Finn Abrahamsen reagerer på at det berre er kameraovervaking på to av 72 trikkar.

Foto: NRK

I dag har alle bussane og t-banestasjonane kameraovervaking. Men berre 2 av dei 72 trikkane i Oslo har kamera om bord.

Etter trikkedrapet i 2004, og andre alvorlege valdsepisoder, meiner tidlegare politioverbetjent i Oslo, Finn Abrahamsen, at det er uforståeleg at Oslo-trikken har nedprioritert kamera på trikkane.

– Enorm betydning

– Eg synest det er heilt uforståeleg at trikkeselskapet ikkje har lagt ned dei få kronene det tek for å trygge passasjerane, i høve til alt anna dei søler pengar bort på. Det vil ha enorm betydning å få kameraovervåking på transportmidler.

Abrahamsen kjem med fleire eksemplar på at kamera på buss har oppklart kriminalitet, blant anna Benjamin-drapet i 2001.

– Det vil også ha ein preventiv effekt. Argumentet om at «storebror ser deg» trur eg lite på. Folk som reiser på vanleg måte ønskjer å kjenne seg trygge. Kameraovervaking er eit godt bidrag både for dei reisande og til tilsette.

Starta pilotprosjekt

Etter ein hending i 2008 då ein mann truga passasjerane med øks, tok Oslo-trikken eit førebels oppgjer med tryggleiken om bord.

Det førte til at to av 72 trikkar vart utstyrt med kamera som eit prøveprosjekt.

Fleire alvorlege valdsepisoder, og det alvorlege trikkedrapet i 2004, førte til at Oslo Sporvognsdrift starta eit pilotprosjekt saman med sikkerheitsselskapet G4S med å installere kamera på to av trikkane i Oslo. Det vart då installert høvesvis 8 og 14 kamera på dei to trikkane.

Ifølgje Gry Isberg, informasjonssjef i Ruter AS, har alle bussane kameraovervaking om bord. Dette gjeld også alle t-banestasjonar.

«Pilotprosjektet vil bli evaluert fortlaupande i heile driftsperioden, og vil kunne opne for ein større leveranse og installasjon av kameraovervåkingsutstyr til alle 72 trikkar», skreiv G4S i ei pressemelding.

Cato Asperud

Kommunikasjonssjef i Oslo-trikken, Cato Asperud, kan ikkje love at det blir kamera på trikkane frå no av.

Foto: Anders Brekke / NRK

Men svært lite har skjedd sidan 2008. Framleis er berre 2 av 72 trikkar installert med kamera.

Tør ikkje å love noko

– Me er ei fase der me skal evaluere om det er nødvendig med kamera om bord i trikkane, og då skal me sjølvsagt ta med oss denne hendinga i evalueringa, seier kommunikasjonssjef i Oslo-trikken, Cato Asperud til NRK.no.

Han seier at han ikkje veit om trikken der tre personar i dag vart knivstukke var installert med kamera, eller om det kunne unngått situasjonen.

– Det er for tidleg å seie om me kunne ha unngått denne episoden med kamera om bord, men generelt så fører jo videoovervaking til betre tryggleik for kundane våre.

Asperud seier han ikkje veit kor lang fram i tid det er snakk om før dei vil kome fram til ein konklusjon, men seier det er truleg at kamera vil inngå som ein standard i dei nye trikkane som vil kome.

Flere nyheter fra NRK Stor-Oslo