Hopp til innhold

No kan du melde sykkelen din sakna på Facebook

Stadig fleire syklar vert stolne i Oslo og folk prøver no å finne nye måtar å finne att syklane sine.

Skjermdump av "Stjålne sykler" på Facebook.

Auke i antal sykkeltjuveri har ført til nye metodar for å finne att syklar.

Foto: Skjermdump

Hittil i år har politiet i Oslo fått inn om lag 3000 meldingar om sykkeltjuveri i Oslo. Politiet reknar med at det vil stige enda meir, og at totaltalet dermed vert høgare enn i fjor, som låg på 3329.

Linn Veronica Blomquist

Linn Veronica Blomquist starta ei facebook side for stolne syklar då sykkelen hennar vart stelt for andre gong.

Foto: Jean Christine Cena / NRK

Linn Veronica Blomquist er ei av dei som har fått fråstole sykkelen sin, og har no tatt saka i eigne hender.

– Det starta med at eg vart fråstole sykkelen min for to år sidan. Då la eg ut eit bilete av sykkelen på eit lukka sykkelforum på internett. Eg fekk då tilbakemelding om at nokon hadde sett den hos ein brukthandel.

Blomquist oppsøkte brukthandelen og fekk sykkelen sin tilbake utan vidare problem.

Les også: Slik stel dei sykkelen din

Stor interesse

Då sykkelen hennar vart stolen igjen for eit par veker sidan, tenkte Blomquist at ho kunne prøve å gjere det same som sist.

– Men denne gongen ville eg gjere det meir tilgjengeleg for andre også. Så då bestemte eg meg for å opprette «Stjålne Sykler» på Facebook.

Sida på Facebook har etter oppstarten førre søndag allereie fått 170 tilhengjarar, og åtte syklar har vorte meldt sakna med bilete og skildringar av kor syklane vart sett sist.

– På Facebook ser vennar av vennar av vennar at sida vert likt, eller at noko vert lagt ut, og då spreiar det seg til fleire, seier Blomquist.

Folk passer for lite på

Kåre Stølen

Stasjonssjef Kåre Stølen ved Grønland politistasjon oppfordrar folk til å ha med serienummer når dei meldar frå om sykkeltjuveri.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Stasjonssjef Kåre Stølen ved Grønland politistasjon trur at auken kan kome av at folk passer for lite på tinga sine no til dags.

– Vi har det for godt no. Det er så enkelt å berre få att frå forsikring, og kjøpe seg ein ny sykkel.

Les også: Slik stansar du sykkeltjuven

Stølen har ikkje tal på kor mange sykkeltjuverisaker dei har oppklart hittil i år, men meinar at fleire kunne vore oppklart om dei fekk inn all informasjonen om syklane.

– Vi har hittil i år levert inn over 450 syklar til Viking. Dette er syklar dei har fått inn som hittegods, men som ikkje er meldt inn sakna.

Les også: 1 av 100 sykkeltjuveri oppklarast

For lite informasjon inn til politiet

På trass av at det høge talet for anmeldingar, meinar Stølen at folk er for sløve når det kjem til å melde inn tjuveria ordentlig.

– Vi får ofte for lite informasjon når folk melder inn desse sakene. Stort sett er det ikkje noko anna informasjon enn kva tidsperiode sykkelen har vorte stelt.

Stølen oppfordrar difor folk å ikkje gi opp å melde frå til politiet når sykkelen vert stelt, men vere meir presise når dei vert fråstelt syklane sine.

– Det er viktig å melde inn både sykkeltype, utsjånad og serienummer for at vi skal ha nokon sjanse til å finne sykkelen, seier Stølen.

Høyr intervju med Blomquist og folk på gata her: