Hopp til innhold

Utrygt vêr for Sesilåmi

Vêrmeldingane for helga ser illevarslande ut for Sesilåmi. Men arrangøren fryktar ikkje at dei må avlyse. – Vêrmeldingane har det med å vera overdrivne, seier Gro Tove Frafjord, som er med å arrangerer rennet.

Sesilåmi 2011

Over 2.500 er påmelde til årets Sesilåmi. Bilete er frå starten i for to år sidan.

Foto: Siv Kristin Sællmann/NRK

Sesilåmi 2010 avlyst

I 2010 blei Sesilåmi avlyst på grunn av sterk vind.

Foto: Nora Holter Moi / NRK
Skiløpere i Sesilåmi

Strålande sol prega rennet i fjor.

Foto: Leo A. Øyås

På laurdag er det duka for ein av dei store styrkeprøvane for skientusiastar i landet, nemleg det 52 kilometer lange skirennet Sesilåmi frå Setesdal til Sirdal.

Over 2.500 personar skal gå løpet, og dei følgjer nøye med på vêrmeldingane, som ikkje ser svært lovande ut. Det er meldt opp til sterk kuling frå vest.

Vind og snø

– Det er ein del vind på veg, så skiløparane må nok førebu seg på både vind og snø, fortel statsmeteorolog Martin Granerød.

Han seier at prognosane dei har fram til sundag ser svært sikre ut.

– Frå laurdag ettermiddag blir det nordvest stiv og til dels sterk kuling. I høgda over 300–500 meter er det varsla snø, presiserer Granerød.

– Det har sett verre ut før

Ei som følgjer ekstra godt med på vêrvarslingane er leiar for hovudkomiteen i Sesilåmi, Gro Tove Frafjord. Kvar time er ho inne og oppdaterer seg.

I 2010 måtte rennet avlysast på grunn av sterk vind, men Frafjord fryktar ikkje vêrmeldingane så langt.

– Slik det ser ut nå blir det renn. Dessutan har dei det med å overdrive i vêrmeldingane, seier ho.

Siste frist for leiinga å varsla om rennet blir avlyst er måndag morgon. Men for utøvarane er det best om avgjersla kjem allereie fredag, før dei eventuelt reiser opp til Setesdalen.

Frafjord har vore i kontakt med folk som har lang fartstid i rennet, som har eksistert sidan 1975.

– Dei seier at prognosane har sett mykje verre ut enn dette, og det har likevel blitt renn. Det handlar om å ha litt is i magen.

Sesilåmi

Sesilåmi er 52 kilometer langt, og går frå Setesdal til Sirdal.